한국   대만   중국   일본 
Metropolitt ? Wikipedia Hopp til innhald

Metropolitt

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Makarius II , metropolitt av Moskva . I den russisk-ortodokse kyrkja ber ein metropolitt ein kvit klobuk .

Metropolitt (av gresk ? metropolis ? ≪mor av byer, metropol≫) ? er ein kyrkjeleg tittel i det øvste bispesetet i eit omrade eller i ein provins i den ortodokse eller katolske kyrkja . Tittelen oppstod pa grunn av at nokre biskopar (i store byar eller metropolar) hadde biskopar under seg som var avhengige av dei. I mellomalderen oppstod det debattar omkring rettane og privilegia til metropolittane.

Den russisk-ortodokse kyrkja [ endre | endre wikiteksten ]

Ein metropolitt i den russisk-ortodokse kyrkja har høgare rang enn ein erkebiskop , men lagare rang enn ein patriark .

Før 1300-talet var Russland fra kyrkjeleg omsyn ein samla metropoli under patriarken i Konstantinopel si domsmakt. Metropolitten hadde residens i Kiev , Vladimir (fra 1299) og Moskva (fra 1325). Etter at autokefalia vart oppretta i 1448 kunne metropolitten for heile Russland veljast utan patriarken av Konstantinopel . I 1458 vart den russiske metropolien til slutt delt i to, eitt i Kiev og eitt i Moskva. Med opprettinga av patriarkalsk styre i 1589 blei metropolitten av Moskva til patriark, medan metropolitt-tittelen vart gjeve til biskopar av Novgorod , Kazan , Rostov og Krutitsy . Under Peter den store fekk ikkje biskopane metropolitt-tittel. Under Elisabeth av Russland hadde biskopar av eparkia i Kiev, Moskva og St. Petersburg metropolitt-titlar.

No er metropolittar leiarar i sjølvstendige kyrkjer som høyrer til den russisk-ortodokse kyrkja ( den ukrainsk-ortodokse kyrkja , den kviterussisk-ortodokse kyrkja , den ortodokse kyrkja i Moldova , den japanske autonome kyrkja ). Biskopar i eparkia har ogsa metropolitt-tittlar, som metropolitten av St. Petersburg og Ladoga , metropolitten av Krutitsy og Kolomna og metropolitten av Smolensk og Kaliningrad .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Metropolitt pa yandex.ru [ daud lenkje ]