한국   대만   중국   일본 
Metroen i Paris ? Wikipedia Hopp til innhald

Metroen i Paris

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Metro de Paris
Opna 19. juli 1900
Drift
Eigar RATP
Sporlengde 214 km
Stasjonar 300
Passasjertal 3,9 mill. dagleg
Vognmateriell

Parismetroen er tunnelbanen i den franske hovudstaden Paris . Banen var opphavleg kjent under namnet Chemin de Fer Metropolitain ('storbyjernbane') og deretter Metropolitain , som raskt vart forkorta til Metro . Parismetroen er den tredje lengste i Vest-Europa, etter undergrunnsbanane i London og Madrid .

Systemet bestar av 16 linjer, nummererte fra 1 til 14, med tillegg av to korte linjer kalla ≪3bis≫ og ≪7bis≫, danna som sidebanar med utspring i linje 3 og 7.

Stasjonen Madeleine pa linje 12.
Tog pa linje 1.

Tekniske data [ endre | endre wikiteksten ]

Gummihjul pa somme av linjene gjer dei stillegaande.
  • 213 km skjener, meir enn 300 stasjonar
  • høgrekøyring
  • kvar linje har eigne plattformer, sjølv pa stasjonar der ein har overgang til andre linjer
  • alle tog stansar ved alle stasjonane pa linja
  • sporvidda er 1,435 m ( normalspor ), akkurat som toga pa det franske hovudbanenettet. Derimot er vognene smalare, sa metroen kan køyre pa hovudbanenettet, men ikkje omvendt
  • elektrisk kraft blir henta fra ei strømskjene. Spenninga er 750 V DC
  • gjennomsnittleg avstand mellom stasjonane er ca. 300 m
  • linje 1 , 4 , 6 , 11 og 14 køyrer pa gummihjul
  • linje 14 er førarlaus (heilautomatisk drift)
  • lengda pa toga varierer fra linje til linje (3 til 6 vogner er vanleg) avhengig av mengda av passasjerar. Alle tog pa same linje har alltid like mange vogner

Ein enkeltbillett gjev reisande sa mange overgangar dei vil innan ein to-timarsperiode. Toga gar fra ca. fem om morgonen til klokka eitt om natta, heile aret.

Metrosystemet vart komplementert med eit nettverk av forstadsbanar RER (Reseau Express Regional), fra 1970-talet .

Linjeoversikt [ endre | endre wikiteksten ]

Linjeoversikt for metroen i Paris
Linje Opna Lengde Stasjonar
Paris Metrolinje 1 La Defense - Grande Arche Chateau de Vincennes 1900 16,5 km 25
Paris Metrolinje 2 Porte Dauphine Nation 1900 12 km 25
Paris Metrolinje 3 Pont de Levallois - Becon Gallieni 1904 12 km 25
Paris Metrolinje 3bis Porte des Lilas Gambetta 1921 1,3 km 4
Paris Metrolinje 4 Porte de Clignancourt ↔ Mairie de Montrouge 1908 12,1 km 27
Paris Metrolinje 5 Bobigny - Pablo Picasso Place d'Italie 1906 14,5 km 22
Paris Metrolinje 6 Charles de Gaulle - Etoile Nation 1900 13,5 km 28
Paris Metrolinje 7 La Courneuve - 8. mai 1945 Mairie d'Ivry / Villejuif - Louis Aragon 1910 22,5 km 38
Paris Metrolinje 7bis Louis Blanc Pre Saint-Gervais 1911 3 km 8
Paris Metrolinje 8 Balard Creteil - Prefecture 1913 22 km 37
Paris Metrolinje 9 Pont de Sevres Mairie de Montreuil 1922 20 km 37
Paris Metrolinje 10 Boulogne Pont de Saint-Cloud Gare d'Austerlitz 1913 12 km 23
Paris Metrolinje 11 Mairie des Lilas Chatelet 1935 6,5 km 13
Paris Metrolinje 12 Front Populaire ↔ Mairie d'Issy 1910 15,3 km 29
Paris Metrolinje 13 Chatillon - Montrouge Saint-Denis - Universite / Gabriel Peri Asnieres - Gennevilliers 1911 21 km 30
Paris Metrolinje 14 Saint-Lazare Olympiades 1998 9 km 9

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Metroen i Paris