한국   대만   중국   일본 
Melvilleøya i Canada ? Wikipedia Hopp til innhald

Melvilleøya i Canada

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Melvilleøya
øy
Land   Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 42 149  km²
Folketal 0
Kart
Melvilleøya i Canada
75°30′N 111°30′W  /  75.5°N 111.5°W  / 75.5; -111.5
Wikimedia Commons: Melville Island
Kart over Melvilleøya

Melvilleøya er ei av Elisabetøyane i det nordlege Canada . Ho har ei flatevidd pa 42 149 km2, og er delt mellom Nordvestterritoriet (i vest) og Nunavut -territoriet (i aust). Fjella pa Melvilleøya er av dei høgste i det vestlege, arktiske Canada. Det høgste er 776 m. Øya er folketom.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Natur [ endre | endre wikiteksten ]

Melvilleøya har lite eller ingen vegetasjon. Pa stader med samanhengande plantevekst er det vanlegvis tuer av mosar, lav , grasartar og starr . Den einaste tresorten, dvergpiletreet , veks som ei samanfletta matte krypande langs bakken. Faunaen bestar av fremst moskusokse , karibu , lemen og røyskatt . Isbjørn , ulv , polarrev og polarhare er meir sjeldne. Observasjonar i 2003 av ein grizzlybjørn og spor av grizzlybjørn rapportert av ein ekspedisjon fra University of Alberta , er det nordlegaste funn av grizzlybjørn som nokon gong er registrert.

Melvilleøya er ein av to støre yngleplassar for ei lita gas, arktisk ringgas ( Grey-bellied Brent Goose ). DNA -analysar og feltobservasjonar tyder pa at desse fuglane er ein særskilt art av ringgas. I eit tal pa berre 4000-8000 fuglar, kan det vere ei av de sjeldnaste gasestammane i heile verda.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Melvilleøya vart vitja første gong av den britiske oppdagaren William Parry i 1819 . Ekspedisjonen han leia vart tvinga, da skipa fraus inne, til a overvintre pa det som no vert kalla Winter Harbour fram til 1. august 1820. Øya er oppkalla etter ein adelsmann som pa den tid (1820) var sjef for den britiske marinen.

Øya er i søkelyset for det som kan vere reservoar av naturgass. Den første kjelda som vart undersøkt pa dei arktiske øyane i Canada ligg i Winter Harbour. I 1961 vart det bora ned til lag fra yngre paleozoikum (3283 m). Pa 1970-talet vart det pavist eit større gassfelt nord pa øya. Feltet ligg pa austsida av Sabinehalvøya og er kjent som Drake Point.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]