한국   대만   중국   일본 
Mehrgarh ? Wikipedia Hopp til innhald

Mehrgarh

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Relieffkart over Pakistan og nordvestre India som viser plasseringa av Mehrgarh, Harappa og Mohenjo-daro .
Ein kvinnefigur funnen i Mehrgarh fra ca. 3000 f.Kr.

Mehrgarh ( urdu ???????? ) er ein arkeologisk funnstad fra yngre steinalder ( neolittisk tid ) fra ca. 7000 f.Kr. til 2000-talet f.Kr. Det ligg pa Kachisletta i dagens Balutsjistan i Pakistan .

Den eldste busetjinga her, i det nordaustre hjørnet av funnstaden, var ein liten landsby som var busett fra rundt 6500 f.Kr. [1] Han er ein av dei eldste funnstadene med spor etter jordbruk og dyrehald i Sør-Asia . [2] Ein dyrka kveite , bygg , jujube og dadlar og heldt storfe , sauer og geiter . [3] Det blei drive handel slik at dei hadde tilgang pa turkis fra Iran og Sentral-Asia, lapis lazuli fra dagens Nord-Afghanistan og skjel fra kysten av Arabiahavet . [1] Boring i jekslar til fleire folk gravlagde pa staden kan vera eit av dei eldste døme pa tannlækjarkunst i historia. [4]

Mehrgarh ligg pa vestbreidda av Bolanelva og nær Bolanpasset , ein fjellovergang gjennom Toba Kakar-fjella i vestlege Pakistan, rundt 120 km fra den noverande grensa mot Afghanistan . Det ligg mellom dagens pakistanske byar Quetta , Kalat og Sibi og vest for Indusdalen . Funnstaden blir i dag rekna som ein forløpar for Induskulturen . Mehrgarh var busett samanhengjande fram til rundt 2600 f.Kr. [5]

Omradet omfattar fleire menneskelaga høgder (kjend som tell i arkeologien). Staden blei oppdaga i 1974 av ei arkeologisk gruppe leia av franske Jean-Francois Jarrige og Catherine Jarrige. Det rundt 2 km² store omradet blei grove ut fra 1974 til 1986, og igjen fra 1997 til 2000. Dei arkeologiske sjikta gar over 11 meter ned. [2] Ein har gjort arkeologiske funn i seks haugar, til saman rundt 32 000 ulike leivningar. [1]

Periodar [ endre | endre wikiteksten ]

Arkeologar deler busetjingane av omradet inn i atte periodar.

Mehrgarh-periode I [ endre | endre wikiteksten ]

Periode I (ca. 7000 f.Kr.?5500 f.Kr.) høyrer til yngre steinalder . Han var akeramisk (utan bruk av keramikk og steintøy) fram til rundt 6000 f.Kr. [2] Det tidlegaste jordbruket i omradet ser ut til a ha blitt utvikla av et halvnormadiske folk som til ein viss grad nytta plantar som kveite og bygg, og heldt husdyr. Jakt verker a ha vore hovudkjelda til kjøt, men etterkvart ser ein ut til a ha halde geiter og seinare zebufe . [6]

Mehrgarh-innbyggjarane bygde enkle leirbygningar med fleire indre rom, vanlegvis fire. Bygningane med fire rom har eldstader og ber preg av a ha vore budde i, medan dei med fleire rom ikkje har det, og kan ha vore lagerbygningar. [7] Ein har ogsa funne eldstader i dei opne romma mellom husa. Mange av dei inneheld brende steinar eller leirkuler som ein reknar med har vore brukt til koking av mat. [8] Pigment og fragment av veggar viser at husa kan ha vore mala raude eller med geometriske mønster i raudt og svart. [8] Plassering av bygningane med noksa regelmessige opne rom imellom skil seg fra typiske steinalderbusetnader fra Vest- og Sentral-Asia, der ein gjerne har meir uregelmessige storleikar klynga tettare saman. [9]

Det er funne talrike gravplassar fra denne tida, alltid med samanbøygde skjelett. [10] Mange graver har omfattande gravgods som korger, stein- og beinreiskapar, perler, smykke og tidvis ogsa dyreoffer . Rundt eller under fleire skjelett fann ein raud oker . [11] Korgene kunne tettast med naturleg asfalt . [12] Asfalt blei ogsa brukt til a laga verktøy, til dømes til a festa steinblada pa sigder til treskaft. [13]

Bade gravene og funn fra verkstader viser at ein laga ei rekkje pyntegjenstandar av skjel , kalkstein , turkis , lapis lazuli , sandstein og kleberstein . [10] Dei sma perlene og produksjonen av kvit kleberstein gjennom a varma han opp peiker pa spesialisering i samfunnet allereie i denne tidlege perioden. [14] Mot slutten av perioden byrja ein a produsera enkel keramikk. [12]

Fysisk var gjennomsnittshøgda 170 cm for menn og 160 cm for kvinner, men nokre kvinner var opptil 175 cm høge. Dette peiker pa generelt god helse og eit næringsrikt kosthald blant innbyggjarane. Gravane fra denne perioden inneheld ogsa det eldste arkeologiske dømet pa tannlækjarkunst. Ni individ hadde bora hol i jekslene. [12] [15]

Periode I høyrer til eit utgravingsomrade som blir kalla MR3.

Mehrgarh-periode II og III [ endre | endre wikiteksten ]

Periode II (5500 f.Kr.?4800 f.Kr.) og III (4800 f.Kr.?3500 f.Kr.) høyrer ogsa til yngre steinalder, men brukte keramikk og etterkvart ogsa kopar . Ein har gjort funn fra periode II i utgravingsomradet MR4 og fra periode III i MR2. [1] Mange bygningar fra periode II er bygd oppa ruinar og nedslamma bygningar fra periode I. [16] Mange av funna fra periode II liknar mykje pa dei fra periode I, og vitnar om kontinuitet mellom periodane. Ein skilnad er likevel at gravene inneheld særs lite gravgods, bortsett fra nokre fa perler i nokre av dei. [16]

Fra periode II ser jordbruk ut til a ha vore hovudnæringa. [1] Nokre av bygningane var tydeleg brukt som kornlager. [16] Det meste, rundt 90 % av kornet, var bygg. [17]

Fra periode II har ein gjort relativt fa funn av steingods, men i periode III har mengda auka. Det finst døme pa masseproduksjon, bruk av eldbor og pottemakarhjul . Ein har ogsa funne statuettar menneske og dyr fra denne perioden. [1]

Periode II og III er samtidige med busetjingar ved vestre del av Sør-Asia, som Rana Ghundai, Sheri Khan Tarakai , Sarai Kala, Jalilpur og Ghaligai. [1]

Mehrgarh-periode IV, V og VI (3500 f.Kr.-3000 f.Kr.) [ endre | endre wikiteksten ]

Periode IV var fra 3500 til 3250 f.Kr. Periode V var fra 3250 til 3000 f.Kr. og periode VI fra rundt 3000 BCE. [18] Funn fra desse periodane høyrer til arkeologiomradet MR1. [1]

Mehrgarh-periode VII (2600 f.Kr.-2000 f.Kr.) [ endre | endre wikiteksten ]

Mellom 2600 f.Kr. og 2000 f.Kr. verker staden a ha blitt forlaten til fordel for den større, befesta byen Nausharo rundt 8 km unna. Historikaren Michael Wood føreslar at dette fann stad rundt 2500 f.Kr. [19] Pa denne tida var Induskulturen i mellomsteget av utviklinga si.

Mehrgarh-periode VIII [ endre | endre wikiteksten ]

Den siste perioden knytt til Mehrgarh er funne ved Sibri-gravlunden, rundt 8 kilometers unna Mehrgarh. [1]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Sharif, M; Thapar, B. K. (1999). ≪Food-producing Communities in Pakistan and Northern India≫. I Vadim Mikha?lovich Masson. History of civilizations of Central Asia . Motilal Banarsidass Publ. s. 128?137. ISBN   978-81-208-1407-3 . Henta 7 September 2011 .  
  2. 2,0 2,1 2,2 Archaeological Site of Mehrgarh , UNESCO World Heritage Centre, 30/01/2004  
  3. Hirst, K. Kris. 2005: ≪Mehrgarh≫ . Guide to Archaeology
  4. ≪Stone age man used dentist drill≫ , BBC News
  5. Possehl, Gregory L. 1996: ≪Mehrgarh≫. Oxford Companion to Archaeology , redigert av Brian Fagan. Oxford University Press, Oxford.
  6. Jarrige 2006 , s. 143.
  7. Jarrige 2006 , s. 140-1.
  8. 8,0 8,1 Jarrige 2006 , s. 141.
  9. Jarrige 2006 , s. 142.
  10. 10,0 10,1 Jarrige 2006 , s. 145.
  11. Jarrige 2006 , s. 146-7.
  12. 12,0 12,1 12,2 Jarrige 2006 , s. 149.
  13. Jarrige 2006 , s. 144.
  14. Jarrige 2006 , s. 148-9.
  15. Coppa, A. et al. 2006: ≪Early Neolithic tradition of dentistry: Flint tips were surprisingly effective for drilling tooth enamel in a prehistoric population≫. Nature . Volume 440. 6. april 2006.
  16. 16,0 16,1 16,2 Jarrige 2006 , s. 150.
  17. K. Kris Hirst (10. september 2016), Mehrgarh, Pakistan - Life in the Indus Valley Before Harappa  
  18. Maisels, Charles Keith. Early Civilizations of the Old World . Routledge. s. 190?193.  
  19. Wood, Michael (2005). In Search Of The First Civilizations . BBC Books. s. 257. ISBN   978-0563522669 . Henta 20 May 2016 .  
Bibliografi

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

29°12′45″N 67°40′15″E  /  29.21250°N 67.67083°E  / 29.21250; 67.67083