한국   대만   중국   일본 
Mayfair ? Wikipedia Hopp til innhald

Mayfair

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Brown Hart Gardens i Mayfair.
Grosvenor Square og Millennium Hotel.
Shepherd Market.

Mayfair er eit omrade i City of Westminster i det sentrale London . Her finst stader som Grosvenor Square , Hyde Park Corner , Marble Arch og Savile Row . Mayfair strekkjer seg omtrent til Hyde Park i vest, Oxford Street i nord, Green Park i sør og Regent Street i aust.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Mayfair har namn etter den arlege marknaden ( May Fair ) som vart halden to veker fra 1. mai fra 1686 til 1764. Før Jakob II flytta storfemarknaden hit i 1686 hadde ein halde han i Haymarket . Marknaden utvikla seg til ei støyande tilstelling med mykje fyll og kriminalitet, og vart til slutt forboden i Mayfair, som hadde gatt gjennom ei gentrifisering . Marknaden vart flytta til Fair Field i Bow, medan marknadsomradet, som no heiter Shepherd Market, blei bygd ut av Edward Shepherd.

Det meste av utbygginga av omradet fann stad mellom midten av 1600- og midten av 1700-talet. Det vart eit fasjonabelt bustadomrade. Ein stor del av Mayfair høyrer til framleis hertugen av Westminster . Rotschildfamilien kjøpte opp store omrade pa 1800-talet. Andre delar er kroneigedom .

Dagens Mayfair [ endre | endre wikiteksten ]

Omradet er no for det meste brukt til næringsdrift, med ei rekkje kontor og forretningar i nye bygningar og ombygde bustadhus. Leigenivaet er blant dei høgaste i verda. Det finst enno mange eksklusive bustader mellom næringslokala, og dessutan ei rekkje luksushotell, som Claridge's .

Ambassadane til USA og Canada ligg ved Grosvenor Square, medan Royal Academy of Art ligg like i nærleiken av plassen. Handel House Museum , til minne om Handel som budde her ei tid, ligg ogsa i Mayfair.

Mayfair i kulturen [ endre | endre wikiteksten ]

Pa det britiske Monopolbrettet er Mayfair den dyraste eigedomen (tilsvarande Radhusplassen pa det norske brettet).

≪Mayfair≫ gar igjen som eit ordspel i tittelen til musikalen My Fair Lady , som tek for seg engelske klasseskilje uttrykt i spraket. [1]

Det litterære paret Jeeves og Wooster i bøkene til P.G. Wodehouse bur i Half Moon Steet i Mayfair.

Kjende personar fra Mayfair [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 Rex Harrison (1992), A Damned Serious Business , ISIS Large Print, s. 128  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Mayfair