Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Maurya
var eit geografisk omfattande og mektig rike og
dynasti
i den indiske oldtida, fra rundt 320 til 185 f.Kr. Pa sitt største omfattar riket størsteparten av
det indiske subkontinentet
, fra
Himalaya
i nord til
Nord-
Kerala
og
Andhra Pradesh
i sør og fra
Assam
i aust til
Pakistan
,
Balochistan
og delar av
Afghanistan
i vest.
Asjoka den store
høyrde til Mauryadynastiet, som blei grunnlagd av
Tsjandragupta Maurya
.
Riket blei oppretta med utganspunkt i kongeriket
Magadha
som dekte dagens
Bihar
, austre
Uttar Pradesh
og
Bengal
aust i India, som hadde
Pataliputra
, dagens
Patna
, som hovudstad. Det blei grunnlagd i 322 f.Kr. av
Tsjandragupta
, som styrta det styrande
Nandadynastiet
og raskt skaffa seg kontrollen over vestliggande omrade i sentrale og vestlege India der lokale herskarar var blitt svekka av hæren til
Aleksander den store
. I 320 f.Kr. hadde riket erobra hele nordvestlege India etter a ha sigra over dei gresk-persiske
satrapane
Aleksander hadde plassert der. Riket byrja ga tilbake 60 ar etter at
Asjoka
døydde. Det blei til slutt oppløyst i 185 f.Kr. da
Sungariket
blei oppretta i Magadha.
Under Mauryaherredømet opplevde India sosiale og religiøse endringar. Tsjandragupta vigde seg til
djainismen
medan Asjoka gjekk over til
buddhismen
, som med hans støtte kunne spreia seg over eit stort omrade.
Asjokaedikta
vitner om eit forsøk pa a spreia buddhistisk lære over eit vidt omrade.
Arthasjastra
skriven av Tsjandragupta sin minister
Kautilya
og
Asjoka-innskriftene
er dei viktigaste skriftlege
primærkjeldene
til Mauryatida. Tida er sett pa som ei av dei viktigaste periodane i
indisk historie
.
Det indiske statsvapenet
byggjer pa ein
løveskulptur
oppa ein av
asjokasøylene
reiste under Asjoka, og i
det indiske flagget
finn ein asjokahjulet, eit stilisert hjul som blei brukt i mange av innskriftene hans.