한국   대만   중국   일본 
Mast ? Wikipedia Hopp til innhald

Mast

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Mast pa skonnerten ≪Adventuress≫ fra 1913.

Mast (fra lagtysk mast , 'stong') [1] er ei vertikal stong, opphavleg mynta pa a bera segl pa fartøy . [2] Ei mast blir nytta til a halde opp segl, leidningar, antenner , kablar eller andre ting som blir montert oppe i masta. I motsetnad til ein stolpe er masta sa høg at ho ma bardunerast eller ha sa stor flate ved sokkelen at ho ikkje vil blase ned i sterk vind eller ho ma tale stor last. I slike tilfeller snakkar ein om t.d. ei høgspentmast , lysmast, mobilmast , radiomast , taubanemast , osb.

Pa store seglskip med høg rigg bestar ei mast av fleire delar - ei undermast og to (av og til tre) stenger over denne. Ho blir halden i stilling av ein staande rigg ( vant , bardunar og stag ). [2]

Master var opphavleg laga av trestammar. Ei palemast vert laga av eitt tre. Moderne lasteskip kan ha master i form av stalrøyr opp til ca. 3 m diameter for lastebomar . Bade undermast og stenger kan vera av stal, som da er hole. Master til seglbatar blir no laga som ekstrudert aluminiumsprofil med aerodynamisk form og spor til forlik pa storseglet. [2] Høgspentmaster er gjerne konstruert ved a sette saman aluminiumsprofilar slik masta far profil av eit tarn med stort tverrsnitt ved sokkelen.

Krigsfartøy har master som hovudsakleg blir brukt til a bera antenner for radio og radar og andre viktige sambandsmiddel. [2]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]