Mary Cassatt

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Mary Cassatt

Sjølvportrett , 1878
Pseudonym Cassatt, Mary Stevenson
Statsborgarskap USA
Fødd 22. mai 1844
Allegheny
Død

14. juni 1926 (82 ar)
Le Mesnil-Theribus

Yrke kunstmalar , grafikar , grafikar , fotograf , kunstnar , raderer
Sjanger portrettmaleri , sjangermaleri , portrett , landskapsmaleri , figure
Far Robert S. Cassatt
Mor Katherine Kelso Cassatt
Signatur
Mary Cassatt pa Commons

Mary Stevenson Cassatt ( 22. mai   1844 14. juni   1926 ) var ein USA-amerikansk malar og grafikar fra Pittsburgh i Pennsylvania . Kunsten hennar høyrer inn under impresjonismen .

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Cassatt var dotter til Robert Simpson Cassat, ein kar som stamma fra ei av dei rikaste bankierfamiliane i Pennsylvania, og Katherine Kelso Johnston, ei velutdanna kvinne som ogsa kom fra ein bankfamilie. Gjennom eit firears opphald i Europa lærte ho allereie i barneara a kjenne dei europeiske kunstskattane. I 1861 begynte ho a studere pa Pennsylvania Academy of Fine Arts i Philadelphia . Fra 1874 budde ho i Frankrike, der ho i Paris heldt fram studiane ei kort tid. Med stor interesse studerte ho i Frankrike, Italia og Spania maleria til store meistrar som Correggio , Diego Velazquez , Tizian og Rubens . Hennar eigne bilete fekk atgaum og vart stilt ut pa salongen i Paris.

Malaren Edgar Degas overtala henne til a slutte seg til den nye rørsla av sjølvstendige malarar, som seinare utvikla seg til dei sakalla impresjonistane. ?Eg aksepterte med glede. Den konvensjonelle kunsten nekta eg a drive med. Eg byrja leve.“ Degas og Cassatt var nære venner i arevis. Ho stilte ut saman med impresjonistane og bidrog vesentleg til at impresjonismen tidleg vart populær i USA. Allereie i 1877 skreiv ho til ein rik venninne i New York og fekk denne til a kjøpe bilete av Edgar Degas og Claude Monet .

Losjen , 1880

Hovudtema i kunsten hennar var kvinner, særleg mor-og-barn-temaet. Bileta hennar syner fram alle tenkelege situasjonar av levematen til borgarskapen , slik han arta seg i dei siste tiara av det 19. hundrearet; i lag med borna sine, lesande, tedrikkande eller i operahuset . Etter ho 1890 i Paris fekk sja japanske farge tresnitt , hadde ho suksess med denne forma for kunst.

Etter 1877 budde ogsa foreldra og systera hennar i Paris. Likevel fann Cassatt tid til a inspirere, oppmuntre og gje økonomisk stønad til unge, kvinnelege kunststudentar.

I 1904 vart ho utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen. Tapet av synsevna gjorde at ho slutta a male i 1914.

Ho døydde i Le Mesnil-Theribus i Oise i Frankrike.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Mary Cassatt