한국   대만   중국   일본 
Martin Heidegger ? Wikipedia Hopp til innhald

Martin Heidegger

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Martin Heidegger

Fødd 26. september 1889
Meßkirch
Død 26. mai 1976
Freiburg im Breisgau
Nasjonalitet Weimarrepublikken, Det tyske riket, Vest-Tyskland
Omrade filosofi
Yrke filosof , lyrikar , universitetslærar , møbeldesigner
Institusjonar Philipps-Universitat Marburg
Albert-Ludwigs-Universitat
Albert-Ludwigs-Universitat
Alma mater Albert-Ludwigs-Universitat
Albert-Ludwigs-Universitat
Doktorgradsrettleiar Heinrich Rickert
Ektefelle Elfride Heidegger
Barn Hermann Heidegger
Medlem Heidelberger Akademie der Wissenschaften
Bayerische Akademie der Schonen Kunste

Martin Heidegger ( 12. september   1889 26. mai   1976 ) var ein tysk filosof som blei fødd i Meßkirch og døydde Freiburg . [1] Han reknast som ein av dei viktigaste og mest originale tenkjarane pa 1900-talet, [2] blant anna gjennom den sterke paverknaden han hadde pa Jean-Paul Sartre og utviklinga av eksistensialismen .

Forfattaren av Sein und Zeit : Eit radikalt spørsmal [ endre | endre wikiteksten ]

Heidegger var inspirert av Edmund Husserl , og utvikla sin eigen variant av fenomenologi med utgangspunkt i spørsmalet ≪Kva vil det seie a vere≫. Etter Heidegger si meining blir verbet ≪a vere≫ brukt pa ein innforstatt mate som det ikkje er grunnlag for. Han meiner og at filosofien har gløymt sine opphavlege problemstillingar sidan Aristoteles , Platon , Sokrates og førsokratane . Heidegger set seg derfor føre a utleggje premissane for a stille spørsmalet om tilværet pa nytt i Sein und Zeit fra 1927. Han argumenterer for at tilværet ma undersøkjast gjennom noko som er, og for at det mest nærliggjande verande a undersøkje, er det som er til stades i verda og stiller spørsmalet. Han kallar det Dasein , noko som grovt sett svarer til mennesket sjølv.

Verket har blitt utlagt som ein antropologi av til dømes Guttorm Fløistad i Heidegger. En innføring i hans filosofi (Pax 1968). Fløistad peikar der pa at han ikkje oppfattar det som at Sein und Zeit er meint som ein antropologi i utgangspunktet, men at verket likevel kan tolkast sann. [3]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Store norske leksikon pa nett om Heidegger
  2. Internet Encyclopedia of Philosophy om Heidegger
  3. Guttorm Fløistad: Heidegger. En innføring i hans filosofi (Pax Forlag, Oslo 1993), s. 28-31

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

  • Heideggers testamente (2020) Dreyers forlag , redigert av Hein Berdinesen og Lars Petter Storm Torjussen