한국   대만   중국   일본 
Marsilio Ficino ? Wikipedia Hopp til innhald

Marsilio Ficino

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Marsilio Ficino

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 19. oktober 1433
Figline Valdarno
Død

1. oktober 1499 (65 ar)
Villa Medici at Careggi

Yrke filosof , omsetjar , geistleg , astrolog , lyrikar , skribent , lege
Sprak latin, italiensk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Marsilio Ficino pa Commons

Marsilio Ficino (fødd  19. oktober   1433  i Firenze , død  1. oktober   1499  i Careggi ) var ein italiensk forfattar, filosof og humanist . Han vert rekna som den fyrste platonikaren i den italienske renessansen . Giovanni Pico della Mirandola var ein av elevane hans.

Han studerte forfattarar som Cicero og Seneca , og vart oppteken av Platon og nyplatonisme . For a kunne studere desse pa originalspraket, byrja han a studere gresk etter a ha vorte oppmuntra av Cosimo Medici , som gav han ein villa i Careggi utanfor Firenze i gave. Her samla han snart ein krins av lærde kring seg, som danna eit studiesamfunn etter antikt førebilete under namnet Academia Platonicum .

Ficino si omsetjing av Platon og Plotin sine verk til latin fekk vidfemnande betydning, og resulterte i at platonismen og nyplatonismen fekk ei atterføding i Europeisk andsliv. Nyplatonismen fortolka han kontinuerleg i bøker og filosofiske samtalar. Medan han i sin ungdom gjennom nyplatonismen fjerna seg fra delar av kyrkjas lære forsøker han seinare a byggje bru mellom kristen doktrine og dei platonske, eller meir presist nyplatonske ideane, i hovudverket Theologia Platonica de immortalitate animae .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]