한국   대만   중국   일본 
Maria-antifonar ? Wikipedia Hopp til innhald

Maria-antifonar

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Manuskript til ≪ Salve Regina ≫.

Maria-antifonar er ei gruppe hymner tileigna jomfru Maria knytte til den katolske gregorianske songtradisjonen . [1] Songane er ikkje eigentlege antifonar , sjølv om dei ber dette namnet, for dei er ikkje bygde opp rundt korte tekstar fra Bibelen . I staden er dei stila til Maria og hyllar henne pa ulike matar. [2]

Det finst ei rekkje ulike Maria-antifonar. Dei fire best kjende er ≪ Alma Redemptoris Mater ≫, ≪ Ave Regina Caelorum ≫, ≪ Regina Caeli ≫ og ≪ Salve Regina ≫. Desse er knytt til ulike tidsrom i kyrkjearet - den første fra advent til kyndelsmesse , den andre fra kyndelsmesse til langfredag , den tredje under pasken , den siste fra treeiningssundag fram til laurdagen før fyrste sundag i advent. Songane blir gjerne sungne etter dei seine tidebønene aftansong eller kompletorium i kyrkjer eller religiøse samfunn.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Western plainchant: a handbook by David Hiley 1995 ISBN 0-19-816572-2 pages 104-107. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
  2. ≪Salve Regina≫ , Catholic encyclopedia