Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Margaret Theresia av Spania
(spansk
Margarita Teresa
, tysk
Margarete Theresia
) (
12. juli
1651
–
12. mars
1673
) var
tysk-romersk keisarinne
,
tysk dronning
, erkehertuginne av Austerrike og dronninggemalinne av Ungarn og Bohmen. Ho var dotter til kong
Filip IV av Spania
og den andre kona hans
Mariana av Austerrike
. Ho var den eldste systera til
Karl II
den forheksa
, den siste spanske
Habsburgaren
. Ho er den sentrale figuren i det kjende
Las Meninas
av
Diego Velazquez
og tema i mange av dei seinare maleria hans.
Av politiske arsaker gifta ho seg med
Leopold I av Det tysk-romerske riket
som var onkel til mora og syskenbarn av faren. Trass i aldersskilnaden pa 11 ar var dei lukkelege i lag, og delte ei interesse i teater og musikk. Ho kalla han ≪onkel≫ sjølv etter dei var gift, og han kalla ho ≪Gretl≫. Etter a ha fødd fire barn, og svekka av fleire spontanabortar, døydde Margarita Teresa berre 21 ar gammal. Det einaste overlevande barnet hennar var erkehertuginne
Maria Antonia av Austerrike
, framtidig kurfyrstinne av Bayern.
Ein av diamantane til Margarita Teresia vart auksjonert bort pa
Christie's
i desember 2008. Han vart da kalla
Wittelsbach-diamanten
, og vart gjeven til ho av faren, kong
Filip IV av Spania
som ein del av medgifta da ho gifta seg med Leopold I 15 ar gammal.
[1]
Diamenen pa nesten 36 karat vart seld for $24,3 millionar, som er den høgaste prisen for ein diamant seld pa ein auksjon.