Marco van Basten

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Marco van Basten
van Basten i 2006
Personleg informasjon
Fullt namn Marcel van Basten
Fødd 31. oktober 1964 (59 ar)
Fødestad Utrecht i Nederland
Høgd 188 cm
Posisjon Spiss
Seniorkarriere*
Ar Lag Kampar ( Mal )
1981-1987 Ajax 133 (126)
1987-1995 Milan 147 (90)
Totalt 280 (218)
Landslag
1983?1992 Nederland 58 (24)
Trenar for
2003-2004 Jong Ajax
2008-2009 Ajax
2012-2014 Heerenveen
2014 AZ
2014-2015 AZ (assistenttrenar)
Landslagstrenar for
2004-2008 Nederland
* Seniorklubbkampar og mal berre telt for nasjonal liga

Marco van Basten , eigentleg Marcel van Basten ,( fødd  31. oktober   1964 ) i Utrecht i Nederland, er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar og -trenar. Han spela for klubbane Ajax Amsterdam og Milan , og pa det nederlandske landslaget. Han var mykje delaktig i først Ajaxs og seinare Milans triumfar. Basten vert rekna som ein av fotballsportens aller beste angrepsspelarar. Basten var pa sitt beste i siste halvdelen av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Hans tid som aktiv, profesjonell fotballspelar strekte seg fra 1982 til ?93. Basten var landslagstrenar for Nederland 2004-08.

Klubbspel [ endre | endre wikiteksten ]

Ajax [ endre | endre wikiteksten ]

Basten fekk kontrakt med Ajax da han var 17 ar gammal. Han debuterte pa klubblaget i april 1982, skara eit mal i ein seriekamp der det vart siger 5-0. I sin første heile sesong (1982/83) skara han ni mal pa 20 seriekampar. Han tevla om posisjonen som midtspiss med Wim Kieft , ein av Europas beste senterløparar i den tida. I alle dei neste fire sesongane, fra 1983/84 til ?86/87 vart han toppskarar i den nederlandske ligaen. Til saman dei fire sesongane skara han 117 seriemal og det pa 112 kampar. I 1985/86-sesongen skara han 37 seriemal, seks av dei kom i ein kamp mot Sparta Rotterdam , og han vart tildelt gullstøvelen som den beste malskararen i heile Europa.

Milan [ endre | endre wikiteksten ]

Fra 1987 spela Basten for den italienske klubben Milan. I Milan forma han fra 1988 i lag med landsmennene Ruud Gullit og Frank Rijkaard ein legendarisk trio i paritet med den svenske Gre-No-Li . Milan hadde da nokre store ar, klubben vann ei rad europeiske cuptitlar. I ligaen spela laget fra 1991 til ?93 58 kampar i rekkefølgje utan a tape, noko som er italiensk ligarekord. Bade i 1990 og ?92 var han toppskarar i serien.

Basten var mykje plaga av skadar, noko som kom etter mange og harde taklingar mot han. Meisterligafinalen 26. mai 1993 mot Olympique Marseille vart hans siste kamp. Kampen enda for Milan med 0-1 tap. Basten prøvde i to ar forgjeves a kome tilbake fra skade.

Landslagsspel [ endre | endre wikiteksten ]

Basten debuterte pa landslaget mot Island 7. september 1983.

Landslagtrenar Marco van Basten under EM 2008

Med det spelarmaterialet som Nederland radde over mot slutten av 1980-talet var landslaget vanskeleg a sla. Nederlands fotballandslag feira sin største triumf da det vann EM-gull i 1988. Sovjetunionen vart slatt med 2-0 i finalen. I finalen skara Basten eit minneverdig mal. Fra knapp vinkel gav han Nederland leiinga med eit vedunderleg volleyskot over malvakta og inn i malet. Med fem nettkjenningar vart han toppskarar i turneringa.

Basten deltok i ytterlegare eit VM- (1990) og eit EM-sluttspel (1992). Under EM 1992 vart Nederland utslegne i semifinalen etter straffetevling. Basten sitt straffeskot vart redda av Danmarks malvakt Peter Schmeichel .

Basten spela 58 kampar i Nederlands landslagsdrakt og skara 24 landslagsmal.

Seinare ar. Trenargjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Basten fekk i 1995 arbeid i Ajax sin organisasjon. Første ara virka han i ungdomsavdelinga. I 2003 vart han assistent-trenar for klubbens førstelag.

Etter EM 2004 tok Marco van Basten over som landslagstrenar for Nederlands fotballandslag. Han slutta etter EM 2008, ein meisterskap der Nederland spela glitrande fotball i innleiande kampar. Men i kvartfinalen tapte laget for Russland .

Meistertitlar [ endre | endre wikiteksten ]

  • Europameister: 1988
  • Europacupen: 1989, 1990 (AC Milan)
  • Cupvinnarcupen: 1987 (Ajax Amsterdam)
  • Nederlandsk seriemeister: 1983, 1985 (Ajax)
  • Nederlandsk cupmeister: 1983, 1986, 1987 (Ajax)
  • Italiensk seriemeister: 1988, 1992, 1993 (Milan)
  • Europeisk supercup: 1989, 1990 (Milan)
  • Interkontinentalcupen: 1989, 1990 (Milan)

Ymse [ endre | endre wikiteksten ]

Basten vart kara til arets fotballspelar i Europa 1988, 1989 og 1992. Det siste aret fekk han ogsa FIFAs pris som verdas beste fotballspelar.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]