한국   대만   중국   일본 
Marche ? Wikipedia Hopp til innhald

Marche

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Marche
region
Flagg
Land   Italia
Hovudstad Ancona
Areal 9 694  km²
Folketal 1 522 608 (2019)
Kart
Marche
43°19′00″N 13°00′00″E  /  43.316666666667°N 13°E  / 43.316666666667; 13
Wikimedia Commons: Marche

Marche er ein av tjue regionar i Italia . Det ligg sentralt i landet og grensar til Emilia-Romagna og republikken San Marino i nord, Toscana i nordvest, Umbria i vest, Abruzzo og Lazio i sør og Adriahavet i aust. Bortsett fra elvedalar og og den ofte svært smale kyststripa er landet aslendt. I indre omrade er regionen enno meir kupert , og sjølv i dag er det lite kommunikasjon fra nord til sør, bortsett fra vegane gjennom fjellovergangane.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Marche vart i antikken kjend som Picenum -omradet. Langs kysten budde senonarar , ei gallisk stamme. Dei vart erobra av romarane i slaget ved Sentinum i 295 fvt.. Romarane grunnla sa fleire koloniar i omradet og knytte dei til Roma med vegane Via Flaminia og Via Salaria . Ascoli var sete for den italiske motstandsrørsla under forbundsfellekrigen (91?88 fvt.).

Etter Vestromarriket sitt fall vart regionen invadert av gotarar og etter den gotiske krigen vart det ein del av den austromerske eksarkatet Ravenna ( Ancona , Fano , Pesaro , Rimini og Senigallia danna den sakalla Pentapolis ). Etter at eksarkatet braut saman kom omradet ei kort stund inn under langobardarane , men vart erobra av Karl den store pa 700-talet. Pa 800- til 1000-talet vart markgrevskapa Camerino , Fermo og Ancona oppretta ( marche er fleirtalsforma av ≪markgrevskap≫ pa italiensk ) og dette har gjeve det moderne namnet til regionen.

Marche vart sa formelt ein del av Kyrkjestaten , men det meste av omradet vart styrt av lokale lensherrar, medan dei store byane styrte sg sjølv som frie kommunar. Pa 1100-talet klarte kommunen Ancona a sta imot bade Fredrik I og Republikken Venezia og vart sjølv ein maritim republikk. Legaten Gil de Albornoz gjorde eit forsøk pa a gjenopprette Kyrkjestaten sitt herredøme over omradet pa 1300-talet, men det vart berre kortvarig.

I renessansen var det mange stridar mellom rivaliserande aristokratiske familiar, som husa Malatesta i Rimini, Pesaro og Fano , og Montefeltro i Urbino. Fra 1500-talet vart Marche igjen ein fast del av Kyrkjestaten og den siste sjølvstendige einingar, Hertugdømet Urbino , vart oppløyst i 1631. I napoleonstida vart den kortvarige Republikken Ancona oppretta i 1797, og etter dette vart han ein del av Den romerske republikken og Kongedømet Italia (1808?1813), før det vart okkupert ei kort stund av Joachim Murat . Marche gjekk tilbake til Kyrkjestaten fram til 4. november 1860, da han vart annektert av det samla Italia etter ei folkeavstemming.

Provinsar i Marche.

Provinsar [ endre | endre wikiteksten ]

Marche er delt inn i fem provinsar:

Demografi [ endre | endre wikiteksten ]

Byar i Marche med 50 000 innbyggjarar eller meir:

By Innbyggjarar (2006 est.)
Ancona 101 862
Pesaro 91 955
Fano 62 455
Ascoli Piceno 51 732

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Marche