한국   대만   중국   일본 
Marcha Real ? Wikipedia Hopp til innhald

Marcha Real

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

La Marcha Real ('Kongemarsjen') er nasjonalsongen i Spania . Han er ein av fa slike songar som ikkje har fastsett tekst .

Marsjen er og ein av dei eldste i Europa , ettersom han blir nemnd for første gong i 1761 i Libro de Ordenanza de los toques milietares de la Infanteria Espanola av Manuel de Espinosa . Her er partituret skrive ned under namnet ≪Marcha Granadera≫ eller ≪Marcha de Granaderos≫, utan kjend forfattar.

Karl III av Spania erklærte La Marcha de los Granaderos som offentleg æresmarsj i 1770 og fekk stykket framført i offentlege og høgtidelege samanhengar. Ettersom han alltid blei spela ved offentlege tilstellingar der kongefamilien var til stades, tok spanjolane til a sja pa han som ein nasjonalsong og kalla han ≪ Marcha Real ≫.

Under den andre spanske republikken (1931–1939) var ≪El Himno de Riego≫ nasjonalsong, men da krigen tok slutt gjeninnførte Francisco Franco kongemarsjen som nasjonalsong, med den gamle tittelen ≪La Marcha Granadera≫ .

Den noverande versjonen blei utforma av komponisten Francisco Grau etter at den spanske grunnloven fra 1978 var blitt godkjend.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]