한국   대만   중국   일본 
Marathi ? Wikipedia Hopp til innhald

Marathi

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Marathi
?????
Klassifisering indoeuropeisk
  indoiransk
   indoarisk
   sørleg
     marathi
Bruk
Tala i India
Omrade Maharashtra og nokre av nabostatane
Marathitalande i alt 68 millionar
Rangering 15
Skriftsystem Devanagari
Offisiell status
Offisielt sprak i Maharashtra
Sprakkodar
ISO 639-1 mr
ISO 639-2 mar
ISO 639-3 mar

Marathi (????? [mar??h?], uttalt m??r?ːti ; [1] ) er eit indoarisk sprak som hovudsakleg blir tala av rundt 83 millionar marathiar i Maharashtra i India . Det er offisielt sprak i Maharashtra og offisielt bisprak i Goa , og er nemnd i den indiske grunnlova som eitt av 22 nasjonalsprak . Noko av den eldste litteraturen pa alle moderne indiske sprak er skrive pa marathi, med verk som stammar fra rundt ar 600. [2]

Marathi er rekna som det 10. mest talte spraket i verda og det tredje mest talte i India, etter hindi og bengali . [3] Utanfor India er spraket, i sin variant jødisk marathi , ogsa brukt i Israel av om lag 60 000 Bene Israel - jødar .

Spraket skil mellom inklusiv og eksklusiv vi , og har tre grammatiske kjønn (hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn). Dei største dialektgruppene innan marathi er standardmarathi og varhadi . [4] Spraka koli , agri og malvani-konkani har sterk paverknad fra marathi.

Marathitalande omrade.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Marathi er eit indoeuropeisk sprak og er derfor fjernt i slekt med norsk . Som mange andre indiske sprak har marathi opphavet sitt i eit prakrit , talesprak som vart brukt mellom 200-talet f.Kr. og 1000-talet. Prakrita hadde nært slektskap med standardisert sanskrit , men var mykje yngre. Marathi stammar fra maharashtri , som var det offisielle spraket i Satavahana-riket . Maharashtri vart det mest brukt prakritet i si tid og har ein rik litteratur . Marathi utvikla seg fra maharashtri mellom 1000-talet og 1200-talet. Av alle indoariske sprak har marathi vorte mest paverka av dei dravidiske spraka .

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

Marathi, saman med bengali , har den eldste ubrotne litterære tradisjonen av dei moderne nordindiske spraka. Dei eldste marathi-tekstane er fra 1000-talet, men marathi-litteratur blomstra med bhakti -rørsla, ei gudfryktig rørsle som spreidde seg over heile India i 1300-talet. Mange av dei største persondomane i bhakti-rørsla skreiv pa marathi. Døme pa dette er Jnanesjvar , diktaren som skreiv Jnanesjvari , den eldste tolkinga av Bhagavad Gita i eit moderne talesprak, og Namdev , ein diktar som skreiv songar bade hinduar og sikhar ser pa som heilage - mange av dei er samla i Guru Granth Sahib . Tidlegare diktarar inkluderer Eknath , som omsatt mange sanskritdiktar til marathi, og Tukaram , som fann opp ei ny litterærform som heiter abhang ('ubrotne hymner') og skreiv mange av dei best kjente songane i den indiske folkelitteraturtradisjonen .

I tillegg til gudfryktige dikt har marathi ogsa ein lang tradisjon av balladar om heltar. Desse dikta, som heiter povada , er mest knytte med 1600-talet, da Maratha-riket under den første kongen sin Shivaji kjempa mot Mogulriket under Aurangzeb . Marathi er det einaste nordindiske spraket med ein tradisjon for heltedikt. Det finst ogsa ein unik litteratur skriven av marathi-talande utvandrarar som budde i Thanjavur i Tamil Nadu , som har vorte paverka av den tamilske litterærtradisjonen.

Moderne marathi-litteratur byrja pa 1800-talet da marathi-diktarar gjorde opprør imot tradisjonell litteratur, under paverking av europeiske rørsler. Den første av dei var Kesavasut , som pa midten av 1800-talet blei paverka av nasjonalromantikk , og skreiv dikt om heimen, naturen og den ærerike fortida til marathiar . Pa 1900-talet blei sosialrealismen populær, særleg i dikt av ei gruppe som kalla seg sjølv Ravikiranmandal , som tyder 'solskinnslaget', og lagde vekt pa dagleglivet til vanlege folk, og bruk av munnlege sprakformer. Det moderne marathi-teatret byrja ogsa i denne tida med Mama Varekar som, under paverking av Henrik Ibsen og George Bernard Shaw , byrja ein tradisjon av sosialrealistiske skodespel som enno er sterk i dag.

Den første marathi-romananen vart skriven i 1885 av Hari Narayan Apte . Romanen heitte Madhala sthithi ("mellomtilstanden"), og tok for seg matar for a forbetra marathi-samfunnet pa. Seinare forfattarar som V.M. Joshi , N.S. Phadke og V.S. Khandekar har i sine verk ordskiftast om slektskapet mellom kunst, moral og livet.

I dagens marathi-litteratur viser ei blanding av realisme og symbolisme som prøver a skildra menneske sitt liv i sin mangfaldige rikdom. Det best kjent moderne verket pa marathi er Mrityunjaya , ein roman skrive av Shivaji Sawant , der forfattaren bruker indiske myter og eventyr, særleg om Krisjna , for a ta for seg spørsmal om korleis menneske bør leva pa ei jord, der dei fleste levande lever som allereie daude.

Skrivemate [ endre | endre wikiteksten ]

Det første verset i Jnanesjvari , skrive med modialfabetet
Video pa marathi om korleis ein kan skriva marathi pa datamaskin.

I dag blir marathi, som hindi og nepali , skrive med devanagarialfabetet . Men fram til 1840-talet vart marathi skrive med modialfabetet, eit alfabet som hadde sitt opphav i mauryi- brahmialfabetet , som devanagari, men vart endra i 1450-talet under paverking av sinhalaalfabetet for a gjera det lettare og fortare a skriva. Modialfabetet er svært forskjellig fra devanagarialfabetet, og ein ma læra det for a kunne lesa det sjølv om ein kan devanagari.

Modi skil seg fra alle andre indiske alfabetet i at det ikkje gjer forskjell mellom lang og kort 'i', og lang og kort 'u'. Forskjellen mellom den lange og korte versjonen av desse vokalane er veldig liten i moderne marathi, sjølv om forskjellen er svært viktig i skriftspraket.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Laurie Bauer, 2007, The Linguistics Student's Handbook , Edinburgh
  2. arts, South Asian. Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica 2007 Ultimate Reference Suite.
  3. ≪Abstract of Language Strength in India: 2011 Census≫ (PDF) . Censusindia.gov.in.  
  4. Dho?ga?e, Rame?a; Wali, Kashi (2009). ≪Marathi≫. London Oriental and African Language Library (John Benjamins Publishing Company) 13 : 101, 139. ISBN   9789027238139 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikipedia pa marathi