한국   대만   중국   일본 
Makt ? Wikipedia Hopp til innhald

Makt

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
≪Kvinnemakt≫. Tysk koparstikk fra 1400-talet.
Flower power ≫, 'blomemakt', var eit omgrep brukt pa 1960-talet som ein reaksjon mot statleg og militær makt.

Makt viser til det a kunna fa noko til a skje. Det kan knytast til det a bruka kraft eller vald , men ogsa til heilt andre verkemiddel. I høve til samfunnet vil makt seia at ein kan utøva ei viss sosial paverknadskraft. Enkeltpersonar, samfunnsgrupper , institusjonar , organisasjonar og statar kan ha makt, eller oppleva maktesløyse.

Makt i samfunnet [ endre | endre wikiteksten ]

Vi seier at person A har makt over person B viss person A far person B til a gjere noko han elles ikkje ville ha gjort. Denne definisjonen som vi har etter statsvitaren Robert A. Dahl , føreset opne vedtaksprosessar der personane er medvitne om kva dei vil.

Sosiologen Max Weber har ein liknande definisjon av makt som ≪'eit eller fleire menneske sin sjanse til a setje gjennom sin eigen vilje i det sosiale samkvem, og det sjølv om andre deltakarar i det kollektive liv skulle gjere motstand'≫ [1] Weber prøvde likevel a fa fram fleire nyansar i kva makt kunne vere. Weber brukte omgrepet herredøme for a karakterisere maktutøving utan vald. Herredøme er ein av dei mest utbreidde maktformene i samfunnslivet, meinte han, men framstar likevel som delt mellom to ulike ytterpolar: interessekonstellasjon pa den eine sida og autoritet pa den andre (men med mange blandingsformer). Interessekonstellasjon er utøving av herredøme pa marknaden der personane gjer eit formelt sett fritt byte, men der ein eller nokre fa aktørar har ein monopolsituasjon. Autoritet er, pa si side, herredøme i kraft av mynde til a gje ordrar og plikt til a lyde. Personen som ma lyde kan ikkje unndra seg plikta, men den som har autoritet ma pa ein eller annan mate kjennast legitim til dette av den undergjevne. Legitimitet er ein mate herredøme rettferdiggjer seg sjølv pa og Weber meinte det var tre hovudtypar av legitimt herredøme: I kraft av lover, i kraft av trua pa dei ordningar som finst fra gamalt av (tradisjon) og i kraft av tilknytinga til ein leiar og hans nadegaver (karisma).

At ein underordna person ma kjenne si eiga underordning som legitim innfører her eit problem som gar attende til Spinoza : Korleis har det seg at dei undertrykte ofte ≪forgyller lekkjene sine≫? Filosofen Gilles Deleuze og psykoanalytikaren og aktivisten Felix Guattari hevda at vi ikkje berre kjenner var eiga underordning som legitim, men at vi umedvite trar etter var eiga undertrykking som om vi skulle ha gatt i demonstrasjonstog og kravd ≪Mindre løn! Lengre arbeidstid!≫

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪et eller flere menneskes sjanse til a sette gjennom sin egen vilje i det sosiale samkvem, og det selv om andre deltakere i det kollektive liv skulle gjøre motstand≫ (s.53 i Makt og byrakrati av Max Weber, ISBN 82-05-00776-4 )

≪makt≫ i Store norske leksikon , snl.no.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .