Magdeburg
er ein by i
Tyskland
og hovudstad i
delstaten
Sachsen-Anhalt
med om lag 230 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva
Elbe
og var ein av dei viktigaste
mellomalderbyane
i Europa. Keisar
Otto I
, den første
tysk-romerske keisaren
budde i Magdeburg og vart gravlagd i domkyrkja etter sin død.
Sjølv om det hadde vore busetnadar her i fleire hundrear, vart byen først nemnd i Diedenhof Lovbok som
Magadoburg
i
805
, da keisar
Karl den store
sikra den litle fiske- og handelsbyen. I
919
bygde kong
Henrik I av Tyskland
festningsverk her for a forsvare seg mot
ungararane
og
slavarane
. I
929
fekk
Edvard den eldre
si dotter Edit (Editha,
Eadgyth
) byen i
morgongave
etter at ho gifta seg med
Otto I
. Editha likte byen svært godt og var ofte her, og vart gravlagd i krypten i klosterkyrkja da ho døydde. I
937
var byen sete for ein kongeleg samankomst, og keisaren vende stadig tilbake her. Han gav tienden som slavarar i tre andre festningar betalte til
benedikitinarklosteret
St. Maurice
(seinare domkyrkja). Da han døydde vart Otto I gravlagd i domkyrkja.
Erkebispedømet Magdeburg
vart grunnlagd i
968
ved
kyrkjemøtet
i
Ravenna
og
Adalbert av Magdeburg
vart konsekrert som den første erkebiskopen. Det inkluderte bispedøma i
Havelberg
,
Brandenburg
,
Merseburg
,
Meissen
og
Zeitz
-
Naumburg
. Erkebiskopane spelte ei viktig rolle i den tyske koloniseringa av dei slaviske landomrada aust for elva
Elbe
.
Pa 1000-talet byrja Magdeburg a utvikle seg til eit handelssentrum der det kom kjøpsmenn fra fleire land. I
1118
vart byen nesten øydelagd av ein bybrann.
Pa
1200-talet
vart Magdeburg medlem av
Hansaen
. I lag med
Brussel
,
Antwerpen
,
Koln
,
Nurnberg
,
Lubeck
,
Padua
,
Mantova
,
Cremona
,
Verona
,
Piacenza
,
Milano
,
Genova
,
Firenze
,
Metz
og
Strasbourg
var Magdeburg ein av byane i
Det tysk-romerske riket
med meir enn 20 000 innbyggjarar. Byen var den første i Europa med ei form for sjølvstyre, kjend som
Magdeburger Recht
(Magdeburgrettane) og som seinare vart innført av mange andre byar i Aust-Europa. Innbyggjarane var stadig i strid med erkebiskopen og vart nesten heilt sjølvstendig fra han mot slutten av
1400-talet
.
I
1524
kom
Martin Luther
til Magdeburg, der han preika og innførte
protestantisme
.
Reformasjonen
vart raskt tatt opp i byen, der Luther hadde gatt pa skule. Keisar
Karl V
gjorde fleire gonger den uregjerlege byen fredlaus, som hadde slutta seg til
Torgaualliansen
og
Schmalkaldenforbundet
. Da byen ikkje aksepterte
Interimen
(
1548
) vart han omleira av kurfyrste
Moritz av Sachsen
(1550-1551), men vann tilbake sjølvstende sitt. Styret til erkebiskopen vart erstatta av forskjellige administratorarar fra protestantiske dynasti. Dei neste ara fekk Magdeburg rykte som eit senter for protestantisme og var den første store byen som gav ut verka til
Martin Luther
.
Matthias Flacius
og partnarane hans skriv sine antikatolske flygeblad og
Magdeburger Centurien
, der dei hevda at
den romersk-katolske kyrkja
hadde vorte eit kongedøme for
Antikrist
.
I
1631
under
trettiarskrigen
storma keisarlege troppar byen og massakrerte om lag 20 000 innbyggjarar og brann ned byen under
plyndringa av Magdeburg
. Byen stod imot ei omleiring i
1629
av
Albrecht von Wallenstein
. Etter krigen hadde byen berre 400 innbyggjarar igjen. Etter
freden i Westfalen
(
1648
) vart Magdeburg gjeve til
Brandenburg-Preussen
som eit delvis sjølvstendig hertugdøme.
Byen overgav seg til
franske
troppar under
napoleonskrigane
i
1806
og vart annektert av det franskkontrollerte
Kongedømet Westfalen
. Kong Jerome peikte ut Grev Heinrich
von Blumenthal
som borgarmeister (ein statue av han star framleis i Nordpark).
I
1815
, etter napoleonskrigane, vart Magdeburg hovudstad i den nye prøyssiske
provinsen Sachsen
. I 1912 vart dei gamle festningane rivne ned.
Under
den andre verdskrigen
vart Magdeburg nesten heilt øydelagd av allierte brannbomber. Byen vart den tyske byen som vart nest hardast raka, etter
Dresden
. Amerikanske og sovjetiske troppar okkuperte byen, men amerikanarane forlet byen til sovjetisk forvalting.
Etter krigen vart berre bygningane nær domkyrkja bygd opp att. I 1990 vart Magdeburg hovudstad i den nye delstaten
Sachsen-Anhalt
i det gjenforente Tyskland. Sentrum av byen vart bygd om i ein moderne stil.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Magdeburg