한국   대만   중국   일본 
Lyon ? Wikipedia Hopp til innhald

Lyon

Koordinatar : 45°46′1″N 4°50′3″E  /  45.76694°N 4.83417°E  / 45.76694; 4.83417
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sja Lyon (fleirtyding) .
Lyon
Horisonten til Lyon
Horisonten til Lyon
Flagget til Lyon Byvåpenet til Lyon
Flagget til Lyon Byvapenet til Lyon

Motto
Avant, avant, Lion le melhor
( Fram, fram, Lyon den beste )
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Auvergne-Rhone-Alpes
Rhone
Geografi
Flatevidd 47,87 km²
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyomrade

47,87 km²
954 km²
3 306 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)
   - folketettleik
 - Byomrade
 - Storbyomrade

506 615
  10 583/km²
2 237 676 (2013)
4 415 000 (2007)
Koordinatar 45°46′1″N 4°50′3″E  /  45.76694°N 4.83417°E  / 45.76694; 4.83417
Høgd over havet 173 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET ( UTC +1)
CEST ( UTC +2)
Diverse anna
Heimeside: Offisiell side for Lyon
Plassering

Lyon (tidlegare og kalla Lugdunum og Lyons ) er ein by aust i sentrale omrade av Frankrike . Han er den tredje største byen i landet, og eit stort handelssentrum mellom Paris og Marseille , og har rykte pa seg for a vere den gastronomiske hovudstaden i Frankrike. Han har og spelt ei viktig rolle i kinoen si historie. Byen ligg der elva Saone munnar ut i Rhone

I lag med forstadane og drabantbyane dannar Lyon det nest største storbyomradet i Frankrike etter Paris med eit innbyggjartal pa 1 648 216 etter ei folketeljing i 1999 , og er det 20.-25. største storbyomrade i Vest-Europa.

Lyon er prefecture (administrasjonsstad) i departementet Rhone , i tillegg til hovudstad i regionen Auvergne-Rhone-Alpes .

Byen gav og namn til provinsen Lyonnais , der han og var hovudstad. I dag er framleis omradet rundt Lyon kjend som Lyonnais ( fransk : le Lyonnais ). Region Lyonnaise er eit uoffisielt, men mykje brukt namn, og ma ikkje forvekslast med regionen Rhone-Alpes, som er mykje større enn Region Lyonnaise.

Lyon er kjend som silkehovudstaden i verda, og er kjend for produksjonen av silke og tekstilar , og er i tillegg eit motesentrum.

Lyon er og det internasjonale hovudkvarteret for Interpol og EuroNews . Byen star pa UNESCO si verdsarvsliste .

To av dei mest kjende vinregionane i Frankrike, Beaujolais og Cotes du Rhone , ligg nær byen.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Byen vart grunnlagd av gallarane som ei tilfluktsborg i romartida . Det galliske namnet Lugdunum, tyder ≪Borga til Lug≫. Kort etter vart derimot byen og Gallia erobra av Cæsar , og det vart grunnlagd ein romersk by pa staden. Plasseringa var fordelaktig, sidan fleire handelsruter fra Bretagne , Aquitaine , Italia og Provence gar gjennom byen.

Da burgundarane tapte slaget ved Worms i 437 mot hunarane , søkte dei tilflukt i Lyon. Dei gjorde byen til hovudstad i 461 , men omradet mista snart sitt sjølvstende og vart ein del av Frankarriket . Etter Karl den Store sin død vart riket delt, og sonen Lothar fekk den midtre delen med Lyon. Dette omradet vart seinare til hertugdømet Bourgogne , som hadde sin stordomstid i høgmellomalderen. Etter Hundrearskrigen mellom Frankrike og England kom Lyon inn under den franske kongen sitt herredøme, og byen har sidan den gong vore fransk.

Byen var hovudkvarter for den franske motstandsrørsla under den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lyon