Lofoten

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Reine i Lofoten
Hamnøy i Lofoten
Kart over Lofoten og Vesteralen i Noreg

Lofoten er ei øygruppe i Nordland fylke , som ligg nord for polarsirkelen pa 67. og 68. breiddegrad. Øygruppa strekker seg langs nordsida av Vestfjorden fra Raftsundet i nordaust, til Skomvær utfor Røst i sørvest. Dei største øyane i Lofoten er fra nordaust Austvagøy (526,7 km²), Gimsøy (46,4 km²), Vestvagøy (411,1 km²), Flakstadøya (109,8 km²) og Moskenesøya (185,9 km²). I tillegg høyrer ein del mindre, til dels tett busette øyar som Store Molla , Skrova , Henningsvær , Værøy og Røstlandet til Lofoten. Nord for Lofoten ligg øygruppa Vesteralen .

Administrativt utgjer Lofoten eit tingrettsdistrikt som omfattar kommunane Vagan , Vestvagøy , Flakstad , Moskenes , Værøy og Røst . Sørvestspissen av Hinnøya høyrer som del av Vagan kommune saleis administrativt til Lofoten, medan den nordaustlege delen av Austvagøy høyrer til Hadsel kommune i Vesteralen. Lofoten prosti omfattar dei nemnde kommunane unntatt Værøy og Røst. Tingrettsdistriktet har eit samla flateinnhald pa 1 226 km² med over 25 000 innbyggarar. [1]

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Lofoten er prega av eit alpint fjellandskap og lune viker der busetnaden held til. Bergrunnen her er blant den eldste i Noreg, der dei eldste bergartane er om lag to milliardar ar gamle. Under istidene grov brear seg ned i berget og danna eit alpint landskap med djupe botnar skilde av skarpe kammar og spisse tindar. Høgste toppen i Lofoten er Higravstindan (1146 moh.) pa Austvagøy. Ogsa pa Hinnøya og Moskenesøya finst det fjell over 1000 m. Øyane i Lofoten er skorne opp av smale fjordar og er atskilde av til dels trange sund med strie tidvasstraumar, for eksempel Gimsøystraumen , Nappstraumen og Moskenesstraumen . Bade fjordane og sunda gar som regel nord?sør.

Pa avstand ser Lofotøyane ut som ei samanhengande fjellrekke, kalla Lofotveggen. Fjellparti, som utgjer det meste av øyane, er i større eller mindre grad omkransa av ein flat strandbrem, strandflata, og ligg det meste av busetnaden, særleg ut mot Vestfjorden. Busetnaden er stort sett samla i tettstader eller fiskevær. Eit unntak er Vestvagøy, der gode høve for jordbruk, ogsa i de indre delane, har skapt grunnlag for ein meir spreidd busetnad. Kystklimaet i Lofoten gjer vintrane milde og somrane forholdsvis kjølige. [1]

Kommunar i Lofoten [ endre | endre wikiteksten ]

Turisme [ endre | endre wikiteksten ]

Sidan øyane først vart busett for omtrent 6 000 ar sidan har fiske vore svært viktig, og er det framleis sjølv om turisme ogsa har utvikla seg til ei viktig næring. Lofoten er vorte eit populært turistmal med vakker natur og fiskevær med rorbucamping, og øygruppa er vorte er eit ynda mal for cruise-batar om sommaren. Kvart ar kjem det meir enn 200 000 turistar til Lofoten.

I Lofoten finst ei rekke museum, mellom anna Lofotmuseet i Kabelvag, Lofotakvariet og Norsk fiskeværsmuseum i A der heile fiskeværet er bevart med komplette bygningar. Pa Borg i Vestvagøy ligg vikingmuseet Lofotr , ein rekonstruksjon av eit høvdingsete fra vikingtida. [1]

Samferdsel [ endre | endre wikiteksten ]

Kommunikasjonsmessig blir Lofoten delt i to. Værøy og Røst er i hovudsak knytte til Bodø , med bat- og helikopterrute dit. Hurtigruta Bergen?Kirkenes stoppar ved Stamsund og Svolvær . Fra Svolvær gar det bilferje over Vestfjorden til Skutvik ( fylkesveg 81 ) med vidare samband til E6 . Mot Vesteralen er det ferje fra Fiskebøl til Melbu i Hadsel ( E10 ). Landverts blir Lofoten knytt saman av Kong Olavs veg (E10) fra A pa Moskenesøya til Fiskebøl pa Austvagøy. Ein ferjefri trase for E10 fra Fiskebøl til Gullesfjordbotn i Kvæfjord opna i 2007. Lofoten er knytt til flynettet med kortbaneflyplassar ved Svolvær, Leknes og pa Røst. [1]

Ordsoge [ endre | endre wikiteksten ]

Namnet Lofoten er forsøkt forklart pa fleire matar. Den eine er at lo skulle vere fra gamalsvensk for gaupe og opphavleg vere namnet pa Vestvagøya som med ein viss fantasi kan likne pa ein gaupefot. Den andre fortolkinga er lo som i slette, dvs same tyding som lo i Oslo. Namnet skulle da tyde slette ved foten (av fjellet) og kan da stamme fra Buksnesomradet . Seinare er namnet brukt pa heile omradet.

Bildegalleri [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 ≪Lofoten≫ . Store Norske Leksikon . Henta 28. september 2013 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]