한국   대만   중국   일본 
Liffey ? Wikipedia Hopp til innhald

Liffey

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Liffey
elv
Gangbru over Liffey og O'Connell Bridge i Dublin
Lengd 125  km
Kjelde Kippure i Wicklowfjella
Munning Dublin Bay i Irskesjøen
Kart
Liffey
53°09′23″N 6°17′17″W  /  53.15625°N 6.2880555555556°W  / 53.15625; -6.2880555555556
Wikimedia Commons: River Liffey, Ireland

Liffey ( An Life pa irsk ) er ei elv i Republikken Irland som renn gjennom sentrum av Dublin . Dei største sideelvane hennar er Dodder , Poddle og Camac .

Elva heitte tidlegare An Ruirthech , som tyder ≪rasktrennande≫. Ordet Liphe (eller Life ) refererte opphavleg til namnet pa sletta som elva rann over, men til slutt vart det namnet pa sjølve elva.

Liffey har utspring ved Kippure i Wicklowfjella i County Wicklow og har ei lengd pa om lag 125 km. Ho renn gjennom grevskapa Wicklow, Kildare og Dublin før ho munnar ut i Dublin Bay og Irskesjøen .

Det ligg tre vasskraftverk langs elva ved Poulaphouca , Golden Falls og Leixlip , i tillegg til fleire mindre, private installasjonar.

Av byar langs elva finn ein Ballymore Eustace , Newbridge , Clane , Celbridge , Leixlip og Lucan før elva renn inn i Dublin nær munningen.

Transport og bruk [ endre | endre wikiteksten ]

Den kjende Ha'penny Bridge i Dublin

Liffey har i mange hundrear vorte nytta som transportare, heilt fra vikingtida da byen vart grunnlagd. Eit velkjent syn pa Liffey fram til 1990-ara var frakteskipa ≪Lady Patricia≫ og ≪Miranda Guinness≫ som frakta ølet Guinness fra St. James's Gate Brewery . Dei seinare ara er det berre turistbatar som er a sja pa elva av fast trafikk.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]