한국   대만   중국   일본 
Libanesisk geografi ? Wikipedia Hopp til innhald

Libanesisk geografi

Koordinatar : 33°50′N 35°50′E  /  33.833°N 35.833°E  / 33.833; 35.833
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

33°50′N 35°50′E  /  33.833°N 35.833°E  / 33.833; 35.833

Detaljert kart over Libanon, 2002
Sannine

Libanon er ein del av Midtausten og ligg omkring ved 35 ˚N, 35 ˚V, langs austkysten av Middelhavet , og er om lag tre gonger sa langt som det er breitt. Det strekkjer seg fra nord og sør og terrengert vart gradvis smalar i sør. Libanon er eit fjellendt land.

Plasseringa til landet gjorde at det vart forma av handel, som ei lenkje mellom Middelhavet og India og Aust-Asia .

Land [ endre | endre wikiteksten ]

Topografi i Libanon.

Arealet til Libanon er kring 10 452  km² . Landet er omtrent rektangulært og vert smalare mot sør og lengst nord. Det breiaste punktet er 88 km, og det smalaste er 32 km, og i snitt er breidda kring 56 km.

Den fysiske geografien i Libanon er paverka av naturlege system som strekkjer seg utanfor landet. Beqaadalen er til dømes ein del av Riftdalen -systemet, og strekkjer seg fra det sørlege Tyrkia til Mosambik i Afrika. Som andre fjelland, er den fysiske geografien i Libanon kompleks. Landformer, klima, jordsmonn og vegetasjon endrar seg fort over korte avstandar. Det er og skarpe skilje i andre element av naturen, fra godt til darleg jordsmonn, ettersom ein flyttar seg gjennom dei libanesiske fjella.

Ein stort trekk ved topografien i Libanon er skiftet mellom lagland og høgland, som stort sett gar parallelt fra nord til sør. Det er fire slike lange striper mellom kysten av Middelhavet og Syria: kyststripa, Vest-Libanon, det sentrale plataet og Aust-Libanon.

Den særs smale kyststripa strekkjer seg langs austksyten av Middelhavet. Mellom sjøen og fjella, ligg sahil, sm det vert kalla i Libanon, og denne er pa det breiaste like nord for Tripoli, der han berre er 6,5 km. Nokre kilometer sør ved Juniyah er sletta kring 1,5 km brei og innanfor ligg lagberg som stig til 750 meter over havet berre 6,5 km fra sjøen. For det meste er kysten bratt og klippelendt. Kysten har ingen djupe bukter eller nes. Den maritime sletta er særleg frodig og det vert dyrka mykje frukt og grønsaker der.

Den vestlege fjellkjeda heiter Libanonfjella . Sidan romerske dagar har Libanonfjella hatt dette namnet. Antilibanos ( Anti-Libanonfjella ) vart nytta om den austlege fjellkjeda. Geologar trur at dei to fjellkjedene ein gong danna ei enkel fjellkjede. Libanonfjella er dei høgaste og mest kuperte og startar med Amanus- eller Nurfjella nord i Syria og endar med det høge massivet pa Sinai . Fjellstrukturen dannar den første barrieren for kommunikasjon mellom Middelhavet og dei austlege omrada av Libanon. Fjellkdja er klart definert og har klare naturlege grenser pa alle fire sider. I nord er fjella skild fra Dei syriske kystfjella i Syria av An Nahr al Kabir (≪den store elva≫); i sør grensar dei til Al Qasimiyah-elva, som gjer at fjella har ei lengd pa 169 km. Breidda varierer fra kring 56,5 km nær Tripoli til 9,5 km i sørenden. Fjella stig til alpine høgder søraust for Tripoli, der Al Qurnat as Sawda (≪den svarte kroken≫) har ei høgd pa 3088 moh. Av toppane aust for Beirut, er Jabal Sannin (2695 moh) den høgaste. Ahl al Jabal (≪folket av fjellet≫), eller berre jabaliyyun, har tradisjonelt synt til innbyggjarane vest i Libanon. Nær sørenden gar det ei grein av Libanonfjella vestover og dannar Shuffjella.

Den tredje geografiske regionen er Biqadalen . Denne sentrale, høgtliggande dalen mellom Libanonfjella og Anti-Libanonfjella er kring 177 km lang og 10-15 km brei, med ei gjennomsnittleg høgd pa 762 moh. Den midtre delen er breiare enn dei to ytterpunkta. Geologsik er Biqa den midtre delen av senkinga som strekkjer seg nord til den vestlege svingen av elva Orontes i Syria og sør til Jordan gjennom Al Arabah til Al Aqabah , den austlege armen av Raudehavet . Biqa er det viktigaste jordbruksomrade i landet og var eit kornlager for romersk Syria. Namnet Biqa er arabisk fleirtal av buqaah, som tyder ein stad med stillestaande vatn .

Fra foten sør for Homs i Syria , strekkjer den austlege fjellkjeda, Anti-Libanonfjella (Lubnan ash Sharqi), seg nesten like langt og høgt som Libanonfjella. Denne fjerde geografiske regionen fell raskt fra Hermon til Hauran , der han held fram gjennom Jordan og sør til Daudehavet . Baradakløfta deler Anti-Libanon. I den nordlege delen ligg det nokre fa landsbyar i vestsida, men vestsida i den sørlege delen, der Hermon pa 2860 moh ligg, er det mange landsbyar. Anti-Libanonfjella er tørrare enn Libanonfjella, særleg i nord, og er derfor mindre frodig og tynnare folkesett.

Batymetrisk kart over Libanon.

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Libanonfjella
Den libanesisk kysten

Libanon har eit middelhavsklima med ein lang og tørr sommar og ein kjølig, regnfull vinter. Hausten er ei overgangstid med gradvis lagare temperaturar og noko regn. Varen startar nar vinterregnet far vegetasjonen til a bløme att. Topografiske variasjonar skapar mange lokale klimamønster. Langs kysten er somrane varme med høg luftfukt, men lite eller ingen regn. Det oppstar kraftig dogg , som er nyttig for jordbruket. Temperaturen gjennom døgnet varierer ikkje mykje. Ein vestleg vind skapar ein avkjølande effekt om ettermiddagen go kvelden, medan vinden om natta bles ut fra kysten.

Vinteren er den mest regnfulle tida, og det meste av nedbøren fell etter desember. Det kan kome mykje regn, men som regel berre i løpet av enkelte dagar, i kraftige regnfall. Nedbørsmengdene varierer mykje fra ar til ar. Stundom er det frost om vinteren, og ein gong omtrent kvart 15. ar kjem det lett snøfall sa langt sør som til Beirut . Ein varm vind bles fra den egyptiske ørkenen, kalla khamsin (arabisk for ≪femti≫), og kan gje oppvarming om hausten og varen. Ein bitande kald vind kan stundom blese fra Europa. Langs kysten gjer nærleiken til sjøen at klimaet vert moderert, og temperaturskilnadane vert mindre enn lenger inne i landet. Temperaturen er likevel lagare i nordlege delar av kysten, der det og kjem mest regn.

I Libanonfjella fører høgda til kalde vintrar og nedbør som snø. Om sommaren varierer temperaturen gjennom døgnet meir enn ved kysten, og luftfukta er lagare. Om vinteren er det ofte frost og snøfall, og faktisk kan snøen ligge pa dei høgaste toppane aret rundt. Om sommaren kan temperaturen verte like høg som ved kysten pa dagtid, men det vert kjøligare om natta. Innbyggjarar ved kysten søker ofte opp i fjella for a kome unna den verste varmen og luftfukta om sommaren, og her finst mange feriestader. Bade khamsin-vinden og nordavinden om vinteren vert merka i Libanonfjella. Paverknaden av Middelhavet vert dempa av høgda, sjølv om nedbørsmengdene er større her enn ved kysten. Temperaturen varierer og meir.

Biqadalen og Anti-Libanonfjella far lite innverknad fra sjøen pa grunn av Libanonfjella. Dette fører til langt mindre nedbør og lagare fukt og større døgnvariasjonar i temperaturen. Khamsin-vinden rører ikkje Biqadalen, men nordavinden kan verte sa kraftig at innbyggjarane seier han kan ≪knekke naglar≫. Trass i at Biqadalen ligg relativt lagt, kjem det meir snø her enn i tilsvarandre høgd pa vestsida av Libanonfjella.

Pa grunn av høgda far Anti-Libanonfjella meir nedbør enn Biqadalen, trass i at dei ligg lengre borte fra havet. Mykje av nedbøren fell som snø, og toppane av Anti-Libanon, er snødekte mykje av aret. Temperaturane er lagare enn i Biqadalen.

Biqadalen far vatn fra to elvar som spring ut i vasskiljet nær Baalbek: Orontes flyt nord og Litani flyt sør til asane sørom Biqadalen, der ho bratt snur vest i Sør-Libanon, og etter det heiter ho Al Qasmiyah. Orontes held fram nordover og inn i Syria og munnar ut i Middelhavet i Tyrkia . Vatnet renn det meste av løpet gjennom ein kanal som er mykje lagare enn bakken rundt. Nahr Barada, som gjev vatn til Damaskus , har kjelda si i Anti-Libanonfjella .

Mindre kjelder og elvar fungerer som sideelvar til desse hovudvelvane. Fordi elvane flyt gjennom bratt terreng, renn dei raskt og er meir eroderande enn avsetjande. Den einaste permanente innsjøen er Buhayrat al Qirawn, kring 10 km aust for Jezzine . Det finst ein delvis tørrlagt innsjø, i austsida av Libanonfjella nær Yammunah, kring 40 km søraust for Tripoli.

Areal og grenser [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over Libanon

total: 10 400  km²

land: 10 230  km²

vatn: 170  km²

Landegrenser:

total: 454 km

grenseland: Israel 79 km, Syria 375 km

Kystlinje: 225 km

Maritime krav: territorialfarvatn: 12 nautiske mil

Høgder:

lagaste punkt: Middelhavet 0 moh

høgaste punkt: Qurnat as Sawda' 3088 moh

Ressursar og arealbruk [ endre | endre wikiteksten ]

Kalkstein , jernmalm , salt , vassoverskot i ein vassfattig region, dyrkbar mark.

Arealbruk: dyrkbar mark: 10.72%

permanente avlingar: 12.06%

anna: 77.22% (2011)

Kunstig vatning: 1 040  km² (2011)

Totalt fornybare vassressursar: 4,5 kubikkilometer

Miljøvern [ endre | endre wikiteksten ]

Av naturfarar finn ein mellom anna støvstormar .

Noverande miljøproblem er avskoging , jorderosjon , ørkenspreiing , luftforureining i Beirut fra trafikk og brenning av industriavfall , og forureining av kystnære farvatn av ra kloakk og oljeutslepp.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]