Leipzig

Koordinatar : 51°20′0″N 12°23′0″E  /  51.33333°N 12.38333°E  / 51.33333; 12.38333
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sja Leipzig (fleirtyding) .
Leipzig
Horisonten til Leipzig
Horisonten til Leipzig
Byvapen Plassering
Byvåpenet til Leipzig
Leipzig is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk?
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen
Leipzig
Kreisfri by
Først nemnd i
Byrettar
1050
1165
Geografi
Flatevidd
 - By

297,60 km²
Innbyggjarar de:Leipzig
 - By (november 2006)
   - folketettleik

510 651
  1 716/km²
Koordinatar 51°20′0″N 12°23′0″E  /  51.33333°N 12.38333°E  / 51.33333; 12.38333
Høgd over havet 113 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET ( UTC +1)
CEST ( UTC +2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 04003-04357
Telefon-retningsnummer 0341
Bilnummer L
Heimeside: www.leipzig.de

Leipzig ( sorbisk Lipsk ) er ein by i Tyskland og den største byen i delstaten Sachsen . Byen har eit innbyggjaratal pa like over 510 000 , og ligg der elvane Pleiße , Weiße Elster og Parthe renn saman.

Leipzig er kjend for universitet og varemessa . Det første tyske arbeidarpartiet vart grunnlagd i byen.

Namnet Leipzig kjem fra det slaviske ordet Lipsk , som tyder 'busetnad ved lindetrea '. [1]

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Thomaskirche , der Johann Sebastian Bach var organist og Martin Luther har preika.

Den første historiske omtalen av byen er fra 1050, da me høyrer om ein slavisk busetnad som heitte Lipsk . Pa grunn av tysk ekspansjon austover blei byen etter kvart ein av deira handelsstader, og fekk byrettar i 1165 av markgreven av Meissen .

Byen blei stygt skada av bombeatak fra dei allierte under den andre verdskrigen . Medan det budde over 750 000 menneske i byen like før den andre verdskrigen , hadde folketalet gatt ned til 500 000 i 2002.

I 1989 byrja den fredelege revolusjonen mot DDR -styret i byen med sakalla Montagsdemonstrationen .

Kjende personar med samband til Leipzig [ endre | endre wikiteksten ]

Reichsgericht, rettsbygningen i Leipzig.

Leipzig har i mange hundrear vore eit kultursentrum i Tyskland, noko ein merkar pa menneska som har vore innom byen. Filosofen Gottfried Leibniz og fleire musikarar fra Bach -familien verka eller var fødde her, mellom anna Johann Sebastian Bach . Martin Luther preika i byen.

Fleire nordmenn har søkt seg til Leipzig. Ei rekke norske komponistar og musikarar, som Edvard Grieg , Johan Selmer , Ole Olsen , Johannes Haarklou , Christian Sinding , Eyvind Alnæs , Johan Halvorsen og Geirr Tveitt studerte her. Av norske vitskapsmenn var Sophus Lie professor i matematikk og Vilhelm Bjerknes professor i geofysikk ved Universitetet i Leipzig . Salmediktaren Elias Blix studerte teologi ved universitetet fra 1871 til 1872. Han hadde adresse Parkstrasse 2. [2]

Verd a vitja i byen [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Hanswilhelm Haefs. Das 2. Handbuch des nutzlosen Wissens . ISBN 3-8311-3754-4
  2. http://blixblog.blogspot.no/2004/07/blix-i-leipzig.html

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Leipzig
Reiseguide for Leipzig fra Wikivoyage