한국   대만   중국   일본 
Le Figaro ? Wikipedia Hopp til innhald

Le Figaro

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Le Figaro

Le Figaro . Plakat av Mihail Simonidy fra rundt 1900.
Land France
Type Dagsavis, [1] avis
Innhald Informasjon
Format berliner
Grunnlagd 15. januar 1826
Eigarar Francois Coty, Robert Hersant, Dassault Group
Redaktør(ar) Marc Feuillee (Directeur de la Publication)
Alexis Brezet (Redacteur en chef) [2]
Sjefredaktør(er) Marc Feuillee
Sprak fransk
Ideologi Konservatisme
Opplag 335 845 [3]
Hovudkvarter 9. arrondissement i Paris
ISSN 1241-1248
OCLC 473539292
Nettstad www.lefigaro.fr

Le Figaro er ei fransk dagsavis som kjem ut i Paris . Ho blei grunnlagd i 1826 og kom ut jamleg fra 1854, og er den eldste avisa i Frankrike. Le Figaro er politisk høgreorientert og konservativ. [4] Sidan 2004 har avisa tilhøyrd Serge Dassault , ein forretningsmann og konservativ politikar, gjennom selskapet Socpresse.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Le Figaro blei grunnlagd 15. januar 1826 under kong Karl X som eit vittig sladreblad knytt til kulturlivet. Figaro er hovudpersonen i tre skodespel av Beaumarchais (seinare gjort kjend i operaer av Mozart). I Le Mariage de Figaro seier Figaro det som blei mottoet til avisa: ≪Sans la liberte de blamer, il n'est point d'eloge flatteur≫ ('utan fridom til a kritisera, kan ikkje smigraren prisa'). I 1833, utkjempa redaktøren Nestor Roqueplan ein duell med ein oberst Gallois over ein artikkel i avisa. Roqueplan blei sara, men overlevde.

Le Figaro kom ut sporadisk fram til 1854, da Hippolyte de Villemessant tok henne over og gjorde henne til ei vekeavis. Medan fleire blad han hadde hatt tidlegare hadde gatt konkurs, gjorde Villemessant ein suksess av Le Figaro . Han nytta dyktige skribentar som Jules Claretie , Alphonse Karr , Albert Wolff og Emile Zola , og auka opplagstala kraftig. Fra 16. november 1866 blei ho ei dagsavis; den første dagsutgava selde 56 000 utgaver. Ho var ei føregangsavis gjennom a dela opp ulike typar stoff i ulike redaksjonar, og a trykka intervju med kjende personar.

Le Figaro blei partipolitisk fra 1867, og var eit organ for ein klerikal og legitimistisk retning. Ho var antikeisarleg (mot Napoleon ), og etter 1870 monarkistisk. Under Gaston Calmette si leiing fra 1903 til 1914 blei avis organ for ein meir moderat-konservativ, men sterkt nasjonal politikk. Calmette blei skoten i 1914 av Henriette Caillaux , kona til ein politikar avisa hadde kritisert over tid.

Parfymekongen Francois Coty var aviseigar fra 1922 til 1934. Etter at Coty døydde i 1934 blei ho overteken av eit konsortium med Pierre Brisson som redaktør. Ho gjenvann stillinga som ei leiande konservativ og litterær avis, og ved byrjinga av andre verdskrig var ho den leiande avisa i Frankrike. I 1940?42 kom ho ut i Lyon, men stoppa sa utgjevingar pa grunn av sensuren til Vichy-regimet . Avisa flytta tilbake til Paris i 1944 og byrja koma ut att før den tyske okkupasjonsmakta var overvunnen.

I etterkrigstida fekk avisa meir stoff om vitskaplege emne, kunst og kultur, samstundes som ho dekte internasjonale tilhøve grundig. Blant medarbeidarane i etterkrigstida kan nemnast Francois Mauriac , Georges Duhamel og Andre Maurois . Pa 1960- og 1970-talet fann det stad ei rekkje konfliktar om leiinga og eigarskapen av avisa, ved at fleire redaktørar blei skulda for kollaborasjon med nazistane eller Vichy-regimet.

Fra 1975 til 2004 var Hersant-gruppa eigarar av avisa. Fra 2004 tilhøyrde ho Serge Dassault , eigaren av Dassault Aviation SA og politikar for Union pour un mouvement populaire (UMP).

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Andrew Bell, Encyclopædia Britannica (pa engelsk), Illustrator: Andrew Bell, Encyclopædia Britannica Inc., OCLC   71783328 , Wikidata   Q455  
  2. ≪Droits et Mentions Legales≫ (lefigaro.fr)
  3. Chiffre officiel sur le site de l'association OJD Arkivert 2013-10-27 ved Wayback Machine ..
  4. Peralva, Angelina; Mace, Eric (2002), ≪Medias et violences urbaines. Debats politiques et construction journalistique≫, La Documentation Francaise (Paris)  
  • ≪Le Figaro≫ , Encyclopædia Britannica . Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica Inc., 2014. Web. 10 Jul. 2014.
  • ≪Le Figaro≫ (30. mai 2012), Store norske leksikon . Fri artikkel henta 10. juli 2014.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]