한국   대만   중국   일본 
Laug ? Wikipedia Hopp til innhald

Laug

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Laug er ei nemning pa ei lokal samanslutning av kjøpmenn eller handverkarar i byar . Laug var særleg utbreidd i mellomalderen og fram til 1800-talet . Pa norsk vart ordet nytta om eit samband av handverkarar, og ordet gilde om kjøpmennene og handverkarane sine sosiale lag. I nyare tid vert laug nytta om om lokale lag av handtverksmeistrar .

Fra kring 1100-talet voks desse organisasjonane fram, bade for a fremja medlemmene sine interesser og for a driva sjølvregulering og opplæring innan faga. Til dømes vart det avgjort kven som skulle takast opp som læresvein , og korleis ein kunne arbeida seg fram til eit meisterbrev .

Fra slutten av 1700-talet vart lauga sterkare og sterkare kritisert for a driva proteksjonisme , hindra nyskaping og teknisk utvikling og a ha feidar med kvarandre. Kritikarane kom bade fra venstresida og høgresida i politikken. Til dømes kom det kritikk fra sa ulike folk som Jean-Jacques Rousseau , Adam Smith og Karl Marx .

Den sterkare makta statane fekk, mellom anna til a regulera patent og opphavsrett , gjorde at lauga fekk mindre makt. Etter den franske revolusjonen vart laugsvesenet oppløyst over store delar av Europa.

Sja ogsa [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zunftwappen
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zunfthaus