한국   대만   중국   일본 
Laksevag ? Wikipedia Hopp til innhald

Laksevag

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kart over bydelane i Bergen.

Laksevag er ein tidlegare norsk kommune i Hordaland fylke . Fra 1972 er Laksevag ein bydel i Bergen kommune . Kommunenamnet vart og skrive "Laxevaag". Damsgard , Gravdal, Nygardsviken , Alvøen , Godvik , Hakonshella , Oldernes , Skalevik og Loddefjord er døme pa stadnamn i Laksevag. Mange av desse namna er gardsnamn med røter attende til mellomalderen .

Laksevag kommune (herad) 1918 - 1972 [ endre | endre wikiteksten ]

Laksevag vart i 1918 skilt ut fra Askøy kommune . Den nye kommunen fekk ein darleg økonomi, og i 1921 vart Gyldenpris ført over til Bergen . Truleg vart overføringa gjort i von om ei seinare full samanslaing. Etter at økonomiske nedgangstider pa 1930-talet ramma nøkkelføretak som Bergen Mekaniske Verksted (BMV) og Valseverket, matte kommunen i 1934 be om gjeldsforhandlinger. Under andre verdskrigen 1940-45 bygde tyskarane opp store anlegg i kommunen, mellom anna ubatbunkeren Bruno . Etter krigen tok økonomien seg opp, og opninga av Puddefjordsbrua i 1956 tydde betre kommunikasjonar særleg inn mot Bergen. Ei storstilt bustadutbygging fylgde. Bergen kommune ynskte etter kvart ei samanslaing. Samanslainga vart gjennomført i 1972. Den gamle kommunen hadde da 24 672 innbyggjarar.

Folketalsutvikling [ endre | endre wikiteksten ]

Folketalsutvikling for tidlegare Laksevag kommune fra 1920 til 1972:

1.12.1920 [1] 1.12.1930 [2] 3.12.1946 [2] 1.1.1951 [3] 1.1.1961 [3] 1.1.1971 [3]
8691 9130 11 565 13 710 18 150 23 350

Laksevagposten er lokalavis for Laksevag bydel. Elles har Bergens Tidende ymse nyhende fra Laksevag.

Industri i Laksevag [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Andersen, Alfred: Alvøen med Loddefjord sogn. (2. utgave) Loddefjord, 1999. ( ISBN 82-993306-2-9 )
  • Fossen, Kjell: Laksevag : strandstedet, jordbruks- og fiskerlandet ved søndre led. Laksevags historie i 3 bind, Bergen 1984-1991. ( ISBN 82-7128-078-3 )
  • Frichsen, Sigurd: Sann va' det. Folket, kirken og fergen. Laksevag, 2000. ( ISBN 82-995593-0-8 )
  • Frichsen, Sigurd: Laksevag forteller. Sann va' det II. Laksevag, 2001.( ISBN 82-995593-1-6 )
  • Frichsen, Sigurd (red.): Vi reiste oss igjen. Et 60-arsminne. 4. oktober 1944-2004. Laksevag, 2004. ( ISBN 82-995593-2-4 )
  • Hellesund, Kristian: Arbok for Laksevag 2002. Olsvik, 2002. ( ISBN 82-996530-0-2 )
  • Hellesund, Kristian: 26 maneder. Olsvik, 2005. ( ISBN 82-996530-2-9 )
  • Laksevag kommune. Et halvt sekel. Utg. i høve av Laksevag kommunes 50 ars jubileum 1918-1968. Red. I. Engstrup. [Laksevag] 1968.
  • Lyngvi, Arne: Bomber over Laksevag : 4. oktober 1944 og tiden som fulgte, Bergen 2000. ( ISBN 82-7916-008-6 )
  • Paulsen, Knut: Laksevag : 1837-1937 : kommunalforvaltningen i 100 ar, Laksevag kommune 1938.
  • Paulsen, Øistein: Lyderhorn borettslag 25 ar. Loddefjord, 1997. ( ISBN 82-994526-0-0 )

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Statistisk arbok for kongeriket Norge 40de argang, 1920 (Det statistiske centralbyra, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk arbok for Norge 69. argang, 1950 (Statistisk sentralbyra, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengde i Fana 1. januar kvart ar fra 1951, fra Statistisk sentralbyra