한국   대만   중국   일본 
Kvintsirkel ? Wikipedia Hopp til innhald

Kvintsirkel

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kvintsirkelen

Kvintsirkelen er ein geometrisk framstilling av forholdet mellom dei tolv like-tempererte tonane som finnest i ein kromatisk skala . Nabotonene i kvintsirkelen har ein kvints avstand.

Ein kvintsirkel gjev oversyn over dur - og moll -toneartar, og syner kor mange forteikn (heva og senka tonar) dei ulike toneartane har. Den ytre sirkel viser dur-toneartane (f.eks C-dur ) medan den indre viser moll-toneartane (f.eks A-moll ). C-dur og A-moll er parallelltoneartar . C-dur og A-moll vil ikkje ha nokon senka eller heva tonar. Kvar toneart eit steg til høgre har ein heva tone meir i forhold til tonearten føre. G-dur vil til dømes ha ein heva tone. Kvar toneart eit steg til venstre i sirkelen har ein senka tone meir i høve til tonearten føre i sirkelen. F-dur vil til dømes ha ein senka tone.

I C-dur til dømes vil tonika vera C og dominanten G ligg til høgre og subdominanten F ligg til venstre i sirkelen. Til saman dannar tonika dominanten og subdominanten ein treklang .

Kvintsirkelen er eit utbreidd visuelt hjelpemiddel i musikopplæring.

Sirkelen vart først publisert 1728 i Der Generalbass in der Composition av Johann David Heinichen .