Kunst
(fra
urgermansk
kunst
, 'kunne') er skapande verksemder som kan ha dekorativt eller kjenslemessig uttrykk, og resultatet av slike verksemder. Medan 'kunst' opphavleg omfatta all menneskeleg aktivitet, ogsa
handverk
og
vitskap
, blir det i dag sett pa som eit uttrykk for menneskeleg
skaparevne
.
Menneske
i alle kulturar har skapt kunst fra
steinalderen
og fram til vare dagar, bade for si eiga skuld og for a skapa
underhalding
eller
venleik
for andre. Den kunstnariske skapartrongen kan derfor sja ut til a vera ein viktig del av det a vera menneske.
Omgrepet 'kunst' har hatt ulike tydingar til ulike tider. I mange samfunn, mellom anna i
det gamle Hellas
stod 'kunst' for praktisk kunne, som ein motsats til
teoretisk
kunne. All menneskeleg aktivitet som kravde eit visst handlag var kunst. Dei som skapte kunst var dyktige
handverkarar
.
I løpet av
renessansen
fekk omgrepet gradvis delvis nytt innhald. I tillegg til den personlege kunna til skaparen snakka ein no og om det han laga som 'kunst'. I takt med at kunstverka fekk mindre praktisk bruk og blei høgare verdsette for innhaldet, blei og opphavsmennene viktigare. Desse blei etter kvart sett pa som
kunstnarar
, ei eiga gruppe menneske fylte av ei
genial
, skapande kraft.
Pa slutten av
1900-talet
blei ideen om ein indre kjerne og meining i kunsten forkasta av
postmodernistiske
tenkjarar. Kunst blei i staden sett pa som eit produkt av prosessar paverka av
samfunn
og
kultur
. Under denne definisjonen kunne ein ikkje skilja mellom "god" og "darleg" kunst. Det er i dag vanskeleg a definera kva som er kunst og kva som ikkje er det.
Mange held fortsatt pa den opphavlege tydinga av kunst som noko ein kan skapa om ein har ein viss evne. I
norsk
finst spor etter denne haldninga i vanlege uttrykk som "det er inga kunst", eller bruken av "kunst" om ting som er skapte ved hjelp av menneskekunne, slik som
kunstfiber
eller
kunstgjødsel
.
Det finst ei rekke ulike matar a uttrykka seg kunstnarisk pa. Dei kan delast inn pa ulike matar, til dømes i utøvande kunst, som
musikk
og
teater
, og skapande kunst, som
bildekunst
og
arkitektur
. Samstundes vil ofte fleire ulike kunstformer ga over i kvarandre.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Kunst