한국   대만   중국   일본 
Krysslamming ? Wikipedia Hopp til innhald

Krysslamming

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Krysslamming (fagsprak paralytisk myoglobinuri ), ogsa kjend som paskesjuke , Monday morning disease eller søndagssjuke , er ein sjukdomstilstand hos hest som oppstar nar hestar far normal kraftformengd i perioder med lite eller ingen aktivitet. [1] Dette fører til opphoping av glykogen i muskulaturen som blir brote ned og dannar store mengder mjølkesyre nar hesten kjem i aktivitet igjen. [2] Denne opphopinga av mjølkesyre kan føra til store muskelskader pa muskulaturen i krysset og lara.

Symptom [ endre | endre wikiteksten ]

Ein hest med krysslamming blir stiv og ustø i bakparten. Ofte vil hesten helst ikkje røre seg. Ved meir alvorlege tilfelle kan hesten knekka saman og ga over ende, svetta mykje og visa teikn pa smerte. Han har harde og opphovna musklar, og kan ha like symptom som ved kolikk . Urinen blir mørk pa grunn av utskilling av muskelfargestoff. For a konstatera krysslamming kan ein ta blodprøve . Denne vil da visa opphøgde verdiar av enzyma ASAT og CK. [3]

Arsaker [ endre | endre wikiteksten ]

Det kan vere fleire arsaker til krysslamming. Hestar i hard trening kan vere utsett for krysslamming dersom dei vert staande i ro utan at det vert kutta ned pa foret. Sjukdomen kan ha samanheng med væskebalanse, og skal vere vanlegast i varmt ver.

Radgjerder [ endre | endre wikiteksten ]

Hestar med krysslamming ma ifylgje veterinærar ikkje flyttast. Hesten far tilført væske intravenøst, i tillegg til smertelindring.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Mellberg, Mats (1997). ≪Helsearbeid og sykepleie≫. Hestehold i praksis (2. opplag 2001 utg.). Landbruksforlaget. s. 211. ISBN   8252921426 .  
  2. Knævelsrud, Torunn (1990). ≪25. Muskelsykdommer≫. Hestens vanligste sykdommer og skader (3. opplag utg.). Norges Rytterforbund/Rytterkontakt. s. 80. ISBN   8275060001 .  
  3. Mellberg, Mats (1997). ≪Helsearbeid og sykepleie≫. Hestehold i praksis (2. opplag 2001 utg.). Landbruksforlaget. s. 212. ISBN   8252921426 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]