Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Eit
kromosom
er eit kompleks av omslatt og organisert
kromatin
inni
celler
, og er samansett av
DNA
,
protein
og
RNA
.
[1]
[2]
Det informasjonsbringande makromolekylet er sett saman av
dobbelstrenga DNA
og inneheld
gen
,
regulatoriske element
og anna
ikkje-kodande DNA
(
søppel-DNA
). Dei DNA-bundne makromolekyla er protein og dei bidreg til a pakke inn og regulere DNA. Kromosom er veldig varierande i ulike artar, og somme har
plasmid
eller anna
ekstrakromosomalt DNA
attat.
Samanpressing av dei dupliserte (doble) kromosoma ved
mitose
og
meiose
kan skapa ein firearma struktur (sja bilete til høgre) viss sentromeren ligg midt pa kromosomet; toarma viss den ligg nær ein av
endane
.
[3]
Kromosomal rekombinasjon
under meiose spelar ei viktig rolle for det
genetiske mangfaldet
,
[4]
men strukturane kan feilkombinerast i høve av til dømes
kromosomal instabilitet
eller
kromosomal translokasjon
og føra til
sjukdom
.
[5]
Dette kan drive cella inn i
mitotisk katastrofe
og resulterande død. Viss cella likevel unngar
apoptose
kan det stundom føra til progresjon av
kreft
.