한국   대만   중국   일본 
Kremmarhus ? Wikipedia Hopp til innhald

Kremmarhus

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ulike typar bretta og lima kremmarhus og papirposar.

Kremmarhus , kremmartut , spisspose , strut og sa vidare er ein kjeglefoma pose eller eit spist, tutforma beger som vanlegvis er laga av papir og rulla eller lima saman. Dei er tradisjonelt blitt brukt av kremmarar og andre handelsfolk til a pakka sma mengder krydder , godteri og andre varer i.

Ordet kjem fra det mellomnedertyske Kremerhus og danske Kræmmerhus som i gamle dagar og kunne brukast om butikken til ein kremmar. [1]

Variantar [ endre | endre wikiteksten ]

Kremmerhus er lette og rimelege a laga. Opninga øvst kan lukkast ved a brettast ned eller knyttast igjen med ei snor. Dei passar som behaldarar for eller innpakning av ulike typar varer. Det finst difor mange variantar, til dømes spisse plastposar av blank, gjennomsiktig cellofan slik at innhaldet synest, kjegleforma juletrekorger og dekorative papirstrutar fylt med luktande lavendel . Is kan serverast i kremmarhusforma kjeks eller krumkakeliknande bakverk som er lett a halda i handa. Tradisjonelle overflodshorn kan og minna om kremmerhus.

I Danmark er pynta kremmarhus vanlege a ha pa juletre som pynt. Slike kremmarhus kan vera heimelaga og dekorert pa ulike matar. Det er palimt ein hank og kan fyllast med nøtter eller godteri.

I deler av Tyskland har det fra 1800-talet vore tradisjon med Schultute eller Zuckertute , ein stor, konisk , dekorert ≪skulepose≫ eller ≪sukkerpose≫ fylt med godteri, smaleiker eller skulesaker som barn kan fa med seg til fyrste skuledag .

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]