Korporativisme

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Korporativisme , eller korporatisme , [1] (fra latin corpus , 'lekam', i overført tyding 'organisasjon') betydde opphavleg eit system der dei politiske organa blei samansette av utsendingar fra organisasjonar, laug, yrkesgrupper og næringsvegar i staden for val ved allmenn stemmerett . Historisk kan omgrepet førast tilbake til bade stenderstaten og dei yrkes- og næringsorganisasjonane som kjøpmenn og handverkarar etablerte fra 1100-talet og framover.

Ulike typar [ endre | endre wikiteksten ]

Det er to hovudformer for korporativisme, kalla statskorporativisme og samfunnskorporativisme , der den førstnemnde er totalitær , medan den andre er demokratisk .

Statskorporativisme [ endre | endre wikiteksten ]

Statskorporativismen blei bruka mellom anna i det fascistiske Italia. Det var eit styringssystem basert pa ein ovanfra-og-ned-modell, der dei korporative institusjonane si viktigaste oppgave var a disiplinere medlemsmassane i arbeidslivsorganisasjonane. Frie fagforeiningar var forbodne. Den fascistiske eittpartistaten skulle sjølv vere ein stram korporasjon, med vekt pa einskap og disiplin.

Samfunnskorporativisme [ endre | endre wikiteksten ]

I samfunnskorporativismen supplerer korporativismen (≪organisasjonskanalen≫) demokratiske val i ≪den numeriske kanalen≫ ( Stein Rokkan ), men erstattar dei ikkje. Samfunnskorporativismen betyr da eit frivillig samarbeid mellom organisasjonar i arbeids- og næringslivet, og mellom desse og den demokratiske staten, i ein blandings- eller forhandlingsøkonomi. Dei skandinaviske landa, i tillegg til Austerrike , har ofte vorte trekte fram som land der korporative innslag i statsforvaltninga er særleg store.

I samfunnskorporativismen er motivet fra styresmaktene si side for a trekkje organisasjonane inn i avgjerdsprosessane mellom anna dette:

  • Utvide kunnskapsgrunnlaget for offentleg politikk.
  • Gje statsinngrep legitimitet ved at dei berørte partane blir medansvarlege.
  • Bringe sosiale spenningar under kontroll.
  • Delegere arbeidsoppgaver til eksterne organ etter kvart som staten utvidar arbeidsomradet sitt.

Nar samvirket mellom interesseorganisasjonar og staten blir institusjonalisert oppnar ein ein sakalla korporativ pluralisme , slik til dømes Noreg har. [2] [3]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪korporatisme≫ i Det Norske Akademis ordbok
  2. Berg, Ole T.: korporativ pluralisme i Store norske leksikon pa snl.no. Henta 16. mai 2023.
  3. Theodor Barndon Helland. ≪Korporatisme≫ . Civita . Henta 16. mai 2023 .