한국   대만   중국   일본 
Kornisk ? Wikipedia Hopp til innhald

Kornisk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kornisk
Kernowek
Klassifisering Indoeuropeisk
  Keltisk
   Øykeltisk
    Brittonsk
Bruk
Tala i Storbritannia
Omrade Cornwall
Kornisktalande i alt 3500
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt sprak i Cornwall
Sprakkodar
ISO 639-1 kw
ISO 639-2 cor
ISO 639-3 cor

Kornisk (kornisk Kernowek ) er eit keltisk sprak , i den brittonske greina av dei øykeltiske spraka . Den næraste slektningen til kornisk er bretonsk .

Kornisk vart snakka i Cornwall fram til slutten av 1700-talet, med spreidd kunnskap om rim, regler, og framfor alt stadnamn pa kornisk gjennom 1800-talet. Revitaliseringa av kornisk tok til med Henry Jenner si Handbook of the Cornish Language , som kom ut i 1904. I dag har kornisk mellom 100 og 500 talarar, og kanskje sa mange som 3500 som har kjennskap til spraket.

Skriftsprak [ endre | endre wikiteksten ]

Tradisjonell kornisk [ endre | endre wikiteksten ]

Revitalisert kornisk [ endre | endre wikiteksten ]

Revitaliseringa av kornisk tar til med Henry Jenner sitt arbeid, i 1904. Etter det har det vorte utarbeidd fire ulike revisjonar av Jenner sitt arbeid, basert dels pa ulike periodar av klassisk kornisk, og dels pa ulike ortografiske prinsipp.

  1. Sameint kornisk, Unified Cornish ( Nance : Kernewek Unyes)
  2. Moderne kornisk, Modern Cornish (Gendall’s Curnoack Nowedga)
  3. Felles kornisk, Common Cornish (George’s Kernewek Kemmyn)
  4. Revidert sameint kornisk, Unified Cornish Revised (Williams’ Kernowek Unys Amendys)

Sameint kornisk [ endre | endre wikiteksten ]

Sameint kornisk (Unified Cornish, UC) vart innført av Robert Nance med læreboka hans Cornish for All , 1929, og det representerer den første splittinga i revitaliseringsarbeidet til kornisk. Til skilnad fra Jenner, som tok utgangspunkt i 1700-talskornisk (moderne kornisk / seinkornisk), ville Nance sameine revitalisert kornisk med mellomalderkjeldene (derfor namnet). Sameint kornisk var det første praktiske framlegget til eit revitalisert kornisk, og det var i nesten 60 ar den einaste standarden for revitalisert kornisk. Stavematen var standardisert, og det Nance laga ord pa basis av walisisk og bretonsk som ikkje var belagt i korniske tekstar, og publiserte dei i dei kornisk ordbøkena (1934, 1938).

Moderne kornisk, eller seinkornisk [ endre | endre wikiteksten ]

Pa 1970-talet var sameint kornisk kritisert for ikkje a vere i stand til a uttrykke ein del fonologiske distinksjonar som ma ha vore til stades i klassisk kornisk. Tidleg pa 1980-talet publiserte Richard Gendall eit nytt system som var basert pa 1700-tals-tekstar , t.d. Nicholas og John Boson, William Rowe og Thomas Tonkin. Dette systemet vart av tilhengarane kalla moderne kornisk, eller revidert moderne kornisk, for a skilje den moderne versjonen fra 1700-talskornisk. Motstandarane kalla det seinkornisk, for a la ordet "moderne" sta for all revitalisert kornisk.

Felles kornisk [ endre | endre wikiteksten ]

Eit anna initiativ, som kom omtrent samstundes, kom fra Ken George . I 1986 presenterte han ei ny rettskriving, kernewek kemmyn , eller felles kornisk. Det tok utgangspunkt i mellomkornisk, men la ein fonologisk analyse til grunn, innretta ortografien etter denne fonologiske analysen, og presenterte reglar for uttale. Dette systemet fekk godkjenning av Kesva an Taves Kernewek/The Cornish Language Board , og fleirtalet av dei kornisktalande bruker dette systemet.

Revidert sameint kornisk [ endre | endre wikiteksten ]

Felles kornisk møtte kritikk, ein av dei meir systematiske kritikarane var Nicholas Williams , som i 1995 presenterte kernowek unys amendys , eller revidert sameint kornisk. Dette systemet bygde, som namnet seier, vidare pa sameint kornisk, og det la mellomkornisk til grunn. Revidert sameint kornisk prøver ogsa a vere eit regelmessig system, men samanlikna med felles kornisk ligg det nærare dei attesterte tekstane.

Situasjonen i dag [ endre | endre wikiteksten ]

Kornisk har fatt støtte fra EU i revitaliseringsarbeidet, og The Cornish Language Development project har i 2007 sett i gang ein prosess for a kome fram til ein ortografi for kornisk.

Viktige arstal i revitaliseringsarbeidet: [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1904 : Henry Jenner publiserer si Handbook of the Cornish Language , starten pa revitaliseringsarbeidet. Jenner orientere seg primært mot seinkornisk.
  • 1928 : Etter forbilete fra walisisk Gorsedd og bretonsk Goursez blir det oppretta ein kornisk Gorsedh .
  • 1929 : Robert Morton Nance publiserer Cornish For All , der han legg fram ein ny ortografi, meir innretta etter mellomkornisk. Denne ortografien blir kalla Kernewek Unys , og er i allmenn bruk fram til 1986.
  • 1938 : Nance publiserer ei Cornish-English Dictionary .
  • 1984 : Den første korniske romanen, An Gurun Wosek a Geltya (Den blodige krona til Keltia) av M. Bennetto blir offentleggjort.
  • 1986 : Den første splittinga i malrørsla: Richard Gendall byrjar undervisning i rekonstruert seinkornisk ( Curnoack Nowedga ).
  • 1986 : Ken Georges forslag til ei rettskrivingsreform etter det fonologiske rekonstruksjonen i hans The Pronunciation and Spelling of Revived Cornish blir godkjend. Kernewek Kemmyn blir den nye standarden.
  • 1992 : Standardordboka for Kernewek Kemmyn, Gerlyver Kernewek Kemmyn: An Gerlyver Meur , kjem ut.
  • 1995 : Nicholas Williams kritiserer alle dei tre varantane som har vore i bruk sa langt, og gjer framlegg om ein ny ortografi, Kernowek Unys Amendys . Denne ortografien er ei vidareutvikling av Kernowek Unys .
  • 2000 : English-Cornish Dictionary: Gerlyver Sawsnek-Kernowek , standardorboka for KUA, kjem ut.
  • 2002 : Storbritannias regjering anerkjenner kornisk som eit sprak som gjer krav pa status som minoritetssprak. An Testament Nowydh , Det nye testamentet, kjem ut i KUA.
  • 2004 : Nytestamentet kjem ut i KK.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kart som viser det gradvise bortfallet av kornisk


Spire Denne sprakartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .