Konseptkunst

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Art & Language, Mirror Piece , 1965.
Amy Jackson, Cleaning Squares , 2020.

Konseptkunst eller konseptualisme er ei kunstretning som hovudsakleg utvikla seg i Europa og USA fra siste halvdel av 1960-talet . Konseptkunst kan karakteriserast som ei idebasert kunstnarisk verksemd, i den forstand at ideen bak eit kunstverk blir rekna som viktigare enn den handverksmessige eller visuelle utføringa.

Den konseptuelle kunsten har røtene sine i fyrste halvdelen av 1900-talet, i dadaismen og da særleg arbeida til Marcel Duchamp . Duchamp er kjend for a nytta ≪ funne gjenstandar ≫, og haldningane hans til kunst som framfor alt ei meningsproduserende verksemd har hatt stor tyding for konseptkunstnarane.

Konseptkunsten var i utgangspunktet ei radikal rørsle som kritiserte bade det formalistiske og mediumspesifikke fundamentet for den modernistiske kunsten, og politiske og sosiale forhold, som feministiske spørsmal eller den amerikanske krigføringa i Vietnam .

Den konseptuelle kunsten stiller gjerne spørsmal kring sjølve vesenet til kunsten og dei innhaldsmessige, politiske og institusjonelle premissane hans. Konseptualismen har og blitt kalla ≪den spraklege vendinga i kunsten≫, i det han ofte gjer direkte bruk av tekst og tekstbaserte uttrykksformer. Sprakfilosofien og filosofar fra det førre hundrearet, som Ludwig Wittgenstein , har vore viktige som utgangspunkt for mange konseptkunstnarar.

Konseptualismen har vore ein viktig referanse for mange kunstnarar og i dei siste tiara, og i ein viss forstand kan ein seia at det meste av det som blir omtalt som samtidskunst i dag har eit konseptuelt utgangspunkt. Kunstnarar som meir spesifikt refererer til konseptkunsten fra 1960- og 1970-talet blir gjerne kalla post- eller nykonseptualistar.

Sentrale konseptkunstnarar [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]