Konflikten mellom Wergeland og Welhaven

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Den litterære, politiske og personlege konflikten mellom Wergeland og Welhaven er blitt staande som symbolet pa ei brytingstid i norsk kultur pa 1830-talet.

Henrik Wergeland
Johan Sebastian Welhaven

Sjølv om dei to prestesønene Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven bae var romantikarar, var det stor skilnad pa dei. Wergeland representerte venstreromantikk og høg romantikk medan Welhaven representerte høgreromantikk og nasjonalromantikk . Difor kom desse til a bli motpolar i samtida.

Wergeland var varmhjerta, spontan og strilyndt. Han hadde lett for a fa bade vener og fiendar. Han arbeidde raskt, skreiv impulsive dikt i frie former, eller han kombinerte ulike sjangrar. Han var medveten om dikterisk form, men han braut med klassisistiske stilideal. Han hadde og politiske idear, sag langt framover, ville jamne ut klasseskilnader og gjera samfunnet meir demokratisk. Han la vekt pa rolla til bøndene og ville setja dei i stand til a ta del i dei demokratiske avgjerdsprosessane. Wergeland sag verdiane talespraket pa bygdene og henta inn ord og vendingar fra dette i sitt eige sprak. Samtida hadde lett for a sja pa det som sprakøyding. I dag er sprakstoff som Wergeland tok opp, fullt godteke. Halvdan Koht kalla han jamvel for ≪maltankens far≫ (jf. skriftet: Wergeland i strid for bonde og arbeidar )

Welhaven var ein tungekvass bergensar med utvikla sans for estetikk og kritikk. Han hadde hatt Lyder Sagen som lærar pa skulen, og ovundra den danske tremenningen sin, Johan Ludvig Heiberg , som var ein frykta smaksdomar pa den tid. Welhaven utvikla seg seint som diktar, men gjekk tidleg laus pa Wergelands dikting som han meinte var kaotisk og i strid med den klassisistiske estetikken han var lært opp i. Mange har meint at Welhaven sette fram sa strenge formkrav at dei batt han sjølv som diktar. Samstundes lukkast han i a gje næring til seigliva fordomar mot Wergelands dikting.

Welhaven ville halde pa det kulturelle og spraklege sambandet med Danmark og byggje opp under den dominerande stillinga til embetsmannstanden . Det hadde nok og mykje a seia at han var ein nær ven av A.M. Schweigaard . Welhaven sag og verdiar i bondekulturen, men han ville ikkje som Wergeland, politisere bonden. Men bade Wergeland og Welhaven ønskte at Noreg skulle utvikle seg som statsnasjon og kulturnasjon

Som personar var Wergeland og Welhaven bade like og ulike. Dei hadde bae sans for polemikk og hadde ikkje lett for a gje seg. Men Wergeland var den opne, frilynde og viltre, medan Welhaven kunne verka gruvlande og mutt. Sommetider slengde han fra seg beiske kommentarar som andre tok ille opp. Han lika og a ha publikum og gjekk for a vera ordhag og ein god talar. Men Wergeland hadde større vengefang og ei mest ufatteleg skaparkraft. Welhaven var nok gaverik og skreiv dikt som framleis lever, men som diktar var han meir pa line med folk som Andreas Munch og Jørgen Moe . Det er sagt at Welhaven var talentet , medan Wergeland var geniet .

≪Hvorlænge vil du rase mod Fornuften?≫ [ endre | endre wikiteksten ]

Opphavet til konflikten var Welhavens reaksjon pa Wergelands kosmologiske diktverk Skabelsen, Mennesket og Messias som kom ut 6. juli 1830. Welhaven hadde laga omslagsteikninga før han hadde lese det. 15. august 1830 fekk Welhaven (anonymt) prenta eit polemisk dikt i Morgenbladet som byrja med orda: ≪Hvorlænge vil du rase mod Fornuften?/ Hvorlænge vil du svinge Don Quijoteisk Spær?≫ Wergeland svara dagen etter i same avis at han hadde vilja skrive ≪Menneskehedens Epos≫ og ≪Republikanerens Bibel≫, og at han vona pa ein høgare domstol enn ≪Anonymens≫. Utover det ville han ikkje ta til motmæle. Men opptaket var gjort til ein konflikt som tok til som strid om estetiske problem, men som etter kvart voks til ein strid om (kultur)politikk.

≪Stumpefeiden≫ [ endre | endre wikiteksten ]

I september og oktober 1831 tok ≪Stumpefeiden≫ til i Studentersamfundets handskrivne avis. Stumpane var satiriske stofer som vart nytta som vapen i den mannjamninga mellom Wergeland og Welhaven som etter kvart tok fart. Ogsa andre kasta seg inn i striden. Lenge var dette ein intern strid, men ved eit uhell spreidde han seg til det offentlege rommet. Noko av materialet vart trykt i Trondheim , og med det kom feiden ut i avisene. ≪Stumpefeiden≫ heldt fram i om lag to ar.

I 1832 gav Welhaven ut ein pamflett han kalla Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste . Her trykte han opp att og vedkjende seg offentleg diktet fra Morgenbladet sumaren 1830. Fleire av stumpane var og tekne inn i skriftet. Boka var eit velskrive atak pa alt Wergeland hadde gjeve ut til da, dvs. Digte. Første Ring fra 1829, ei rekkje skodespel og verdsdiktet (kosmogonien) Skabelsen, Mennesket og Messias . Welhaven meinte Wergeland var formlaus og stillaus, og at han knapt sjølv skjøna det han skreiv. Ataket var sa ovedrive at Nicolai Wergeland kjende seg nøydd til a ga ut med eit forsvar for sonen: Retfærdig Bedømmelse af Henrik Wergelands Poesie og Karakteer (1833). Her avviste hans argumenta til Welhaven punkt for punkt.

Wergeland og Welhaven vart frontfigurar i kvar sin flokk. Allereie tidleg pa sommaren 1832 hadde Welhavenflokken brote ut av Studentersamfundet. Dei laga Studenterforbundet som og stifta sitt eige tidsskrift, Vidar . Til Welhavenflokken som vart kalla ≪Intelligentspartiet≫ eller ≪Troppen≫, høyrde folk som A.M. Schweigaard , Frederik Stang , og historikaren P.A. Munch . Programdiktet var skrive av Welhaven, og det var ingen tvil om kven Fenrisulven som Vidar hadde som føremal a overvinne. Vidar heldt seg oppe i to ar.

Wergelandflokken vart kalla ≪Patriotene≫ eller ≪Norskhedspartiet≫. Til denne høyrde m.a. juristane Ludvig Kristensen Daa og Frederik Lerche . Pedagogen Henrik Anton Heltberg som skulle koma til a opprette den sakalla Studentfarbikken, og som Bjørnson og Garborg seinare hylla i diktinga si, høyrde og til Wergelands flokk.

≪Dæmringsfeiden≫ [ endre | endre wikiteksten ]

I 1834 kom Welhaven ut med sonettesyklusen Norges Dæmring . Boka var eit kulturpolitisk innlegg som kritiserte det kulturfattige Noreg pa det grøvste. Det vart av mange oppfatta som eit atak pa sjølve fedrelandet, trass i slutten, som varslar om ei komande demring . Fintene til patriotane var mange og kvasse. Nicolai Wergeland rykte ut med ei ny bok, og no tok han ikkje pa Welhaven med silkehanskar. Det kom og nye harde innlegg for imot. Ein reknar at det var ca 45 personar innblanda i ≪Dæmringsfeiden≫. ≪At denne Kamp maatte blive af den heftigste Natur, var en Selvfølge; thi det gjaldt hverken mere eller mindre end selve Nationalitetens Væsen≫, skriv Hartvig Lassen som held fram slik: ≪Det var en Strid mellem to Partier, der tale hvert sitt Tungemaal, hvoraf begge Partier kun forstaa Skjeldsordene.≫ [1]

≪Vidar≫ fekk etter kvart ein oppfølgjar i dagsavisa ≪Den Constitutionelle≫. I 1835 gav Wergeland ut den morosame farsen ≪Papegøien≫, eit eventyrspel med almenngyldig problematikk, men med referansar til ≪Stumpefeiden≫, ≪Dæmringsfeiden≫ og litt av kvart anna.

Campbellerslaget [ endre | endre wikiteksten ]

Da Wergeland i januar 1838 for første gong fekk opp eit stykke pa Christiania Theater , syngjespelet Campbellerne , mobiliserte Intelligenspartiet og fekk i stand pipekonsert ved andre framføringa 28. januar. Bade Stang og Schweigaard var aktive; Welhaven heldt seg unna. Den gongen sigra klapparane over piparane. ≪Mit stolteste Øieblik≫ skreiv Wergeland seinare i livsskissene Hassel-Nødder . Men det gjekk hardt for seg, og folk slost pa nevane utanfor teateret etter førestillinga. Teaterslaget fekk eit etterspel i Den Constitutionelle der Wergelands dikting vart meiningslaust kritisert av mannen som seinare skulle bli svogeren hans, Peter Jonas Collett .

Det tener elles Wergeland til ære at han trass i alt evna a sja kvaliteten i dikt som Welhaven gav ut seinare. Welhaven kom med si første samling med sentrallyrikk i 1839. Wergeland radde til dømes eit par svenskar som ville lane norske dikt pa Universitetsbiblioteket der han arbeidde, til a lesa Welhaven. Wergeland løynde kven han sjølv var. [2]

  • Krogness, J.R.: Tro og detailleret Fremstilling af Det berømte Theaterslag i Christiania den 28de januar 1838 , trykt paa Axelsens Forlag i 1838.

Camilla Collett [ endre | endre wikiteksten ]

Camilla Collett , den 5 ar yngre søstera til Wergeland, var pa 1830-talet stormforelska i Welhaven. Ho var glad i bror sin, og ho drøymde om Welhaven. Da far hennar ogsa gjekk sterkt ut i striden mellom desse to, vart det mest ikkje til a halde ut. Welhaven var pa si side fengsla av den gaverike Camilla, skreiv vakre brev til henne og ønskte a ha henne som ei søster. Det har vore sagt at sjela til Camilla var eit dansegolv som konfliktane i samtida sleit pa. Det gjekk etter kvart opp for Camilla at ho matte gje opp Welhaven som dessutan hadde forelska seg i venninna hennar, Ida Kjerulf. I 1839 blei Camilla trulova med Peter Jonas Collett , som høyrde til Welhavenkrinsen.

Vegen vidare [ endre | endre wikiteksten ]

Striden som fra først av var ein strid om estetiske spørsmal, vart ein strid om korleis nasjonen skulle utviklast. Skulle vi bli ein sterk kulturnasjon ved a satse mest mogeleg pa embetsstanden og halde pa kultur-og spraksambandet med Danmark, slik Welhaven ville; eller skulle ein byggje opp ein sjølvstendig norsk kultur, tufta pa norske kulturelle tradisjonar, ogsa spraklege og musikalske, nasjonalisere kulturtilfang fra den store verda og gjera breie lag av folket i stand til a ta del i politiske avgjerdsprosessar, slik Wergeland ville? Bade Welhaven og Wergeland ville gjera bruk av folkekulturen, men dei hadde ulikt syn pa ≪folket≫. [3]

Sa uferdig som den norske staten var, nadde den litterære striden mellom Welhaven og Wergeland først og fremst ut til akademikarane, men her var striden viktig nok. Pa Wergeland si side stod patriotane med tankegods fra opplysingstida og den franske revolusjonen , saman med Welhaven stod den sakalla ≪intelligensen≫. Welhaven sjølv var først og fremst estetikar med røter mellom anna i nasjonalromantikk og tyske idear. Han arbeidde ikkje beinveges politisk, slik Wergeland gjorde. Men i welhavenflokken fanst det praktiske politikarar, og to av dei vart seinare statsministrar i Noreg, Schweigaard og Stang. Den tiltaksrike Stang har jamvel fatt tilnamnet ≪løftestangen≫.

Det var ≪intelligensen≫ om overtok hegemoniet rundt 1840, bade innanfor elitekulturen, jusen, økonomien og i politikken. [4] Og det var etterkomarane etter ≪Intelligensen≫ som seinare stifta det politiske partiet Høgre .

For ettertida har synet pa rollene Wergeland og Welhaven spela i kampen for det nasjonale endra seg. Det heng saman med at nasjonale strevet i Noreg vart meir politisk radikalt mot slutten av 1800-talet, med til dømes ein politikar som Johan Sverdrup og diktarar som Bjørnson og Garborg . Da lag det betre til rette for at arven fra Wergeland kunne fa gjennomslag.

Wergeland framstod meir og meir som universaldiktaren og demokraten, Welhaven som den spesifikt nasjonalromantiske diktaren. [5]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Jf. Lassen, Hartvig 1877, Henrik Wergeland og hans Samtid s. 127.
  2. Jf. Hassel-Nødder
  3. Sja t.d. Seip, Anne Lise, 2007: Demringstid : Johan Sebastian Welhaven og nasjonen / Anne-Lise Seip og Gran, Gerhard, 1899: Norges Dæmring og Koht, Halvdan, 1908: Henrik Wergeland : ei folkeskrift
  4. s. 138 i Tore Pryser: Norsk historie 1814-1860 Det Norske Samlaget 1999, ISBN 82-521-5547-2
  5. Francis Sejersted i Knut Mykland: Norges Historie , Cappelen, ISBN 82-02-03441-8 , b. 10 s 332

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikisource Til Henrik Wergeland! pa Wikikilden (frie originaltekstar)
Wikisource Norges Dæmring pa Wikikilden (frie originaltekstar)
Wikisource Konflikten mellom Wergeland og Welhaven pa Wikikilden (frie originaltekstar)