Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Klaus Allofs
(
fødd
5. desember
1956
) er ein tysk tidlegare fotballspelar fra
Dusseldorf
som vart europameister med
Vest-Tyskland
i 1980. Angrepsspelaren var aktiv i fleire klubblag, bade Fortuna Dusseldorf,
FC Koln
,
Werder Bremen
,
Olympique Marseille
og
Girondins Bordeaux
. Han vann i 1992 cupvinnarcupen med Werder Bremen, og fekk elles med seg nasjonale cup- og seriemeistertitlar bade i heimlandet og i
Frankrike
.
Allofs var profesjonell i Fortuna Dusseldorf fra 1975. Han var toppskarar i
Bundesliga
sesongen 1978/79. Varen 1979 vann Fortuna den vesttyske cupmeisterskapen og spelte finale i cupvinnarcupen, der det vart tap 3-4 mot
FC Barcelona
. Aret etter vann Fortuna den nasjonale cupen ny. I alle desse tre finalane hadde han med seg broren Thomas Allofs.
Sommaren 1981 fekk Klaus Allofs kontrakt med FC Koln og vart verande i klubben i seks sesongar. Med Koln vart han i 1983 vesttysk cupmeister for tredje gong. Ei part-tre ar seinare var han den sentrale spelaren da Koln tok seg til finalen i
UEFA-cupen
1986. Pa dei ni kampane i turneringa skara Allofs ni mal, men matte til sist sja
Real Madrid
drage av garde med UEFA-pokalen.
Der nest spelte Allofs 1987-89 i Olympique Marseille og sesongen 1989/90 i Girondins Bordeaux. Han avslutta tida i Marseille med a verte bade seriemeister og cupmeister. Allofs avslutta si tid som aktiv med tre sesongar i Werder Bremen-drakta. Med laget fra Bremen vart han i 1991 nasjonal cupmeister for fjerde gong. I den etterfylgjande
Cupvinnarcupen
1992 tok Werder Bremen seg til finale mot
AS Monaco
. Allofs skara det eine av dei to mala som gav Werder sigeren 2-0.
Allofs debuterte pa det vesttyske landslaget i 1978. I den kvite landslagstrøya markerte han seg særleg
Fotball-EM 1980
, der han skara alle tre mala mot
Nederland
i ein gruppespelkamp som enda 3-2. Dei tre skaringane gjorde han toppskarar i turneringa. Han fekk ikkje plass i VM-troppa 1982, men var med
EM 1984
. I
VM i fotball 1986
skara Allofs utlikningsmalet i gruppespelet mot
Uruguay
og han vart matchvinnar mot
Skottland
. I straffesparkskytinga under kvartfinalen mot vertslandet
Mexico
var han ein av eksekutørane som syrgde for vesttysk avansement. Han var mellom dei 11 utvalde i finalen mot
Argentina
, men vart bytta ut i pausen. Allofs spelte sin 56. og siste landskamp i 1988 og enda med 17 nettkjenningar for Vest-Tyskland.
- Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1992 med Werder Bremen
- Vinnar av Bundesliga: 1992 med Werder Bremen
- Vesttysk cupmeister: 1979, 1980 med Fortuna, 1983 med FC Koln, 1991 med Werder
- Fransk seriemeister: 1989 med Olympique Marseille
- Fransk cupmeister: 1989 med Olympique Marseille
- Finalist i Cupvinnarcupen: 1979 med Fortuna Dusseldorf
- Finalist i UEFA-cupen: 1986 med FC Koln