Kjetil Jansrud

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kjetil Jansrud


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1985 (38 ar)
Stavanger kommune
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006 , Alpint under Vinter-OL 2014 ? Utfor menn , Alpint under Vinter-OL 2014 ? Super-G menn , Alpint under Vinter-OL 2010 ? Storslalam menn

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje

Kjetil Jansrud ( fødd  28. august   1985 ) er ein norsk alpinist fra Vinstra . Han har tre olympiske medaljar av tre ulike valørar, vunne i tre ulike øvingar, og ein VM-medalje i ei fjerde type øving. I 2010 tok han sølvmedaljen i storslalam under vinter-OL i Vancouver . Fire ar seinare fekk han fyrst OL-bronsen i utforrennet under vinterleikane i Sotsji , før han sa vart olympisk meister i super-G-tevlinga i same leikane. I VM i alpine greiner 2015 vann han sølvmedaljen i kombinasjon.

Karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Jansrud starta karrieren sin i 2001/2002, allereie som sekstenaring, da han deltok i Europacupen i alpint. Han debuterte pa internasjonalt seniorniva 19. januar 2003 i Wengen i slalam og var med i verdscupsesongen 2004/2005. Jansrud var og med i den norske troppen til VM 2005 i Bormio .

Det beste resultatet til Jansrud i verdscupen til no er ein tredjeplass. Jansrud fekk det fyrste møtet med pallen i storslalam i Adelboden den 10. januar 2009. [1] Jansrud lag pa 14. plass etter fyrste omgang, men køyrde seg inn til ein tredjeplass i andre omgang. Han enda opp 72 hundredelar bak vinnaren Benjamin Raich , og 48 hundredelar bak andreplassen til Massimiliano Blardone .

I tillegg har han to fjerdeplassar. Den fyrste kom i desember 2005 i slalamrennet i Beaver Creek. Den andre kom tre ar seinare, i desember 2008 pa same stad, men denne gongen i storslalam.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]