한국   대만   중국   일본 
Kimono ? Wikipedia Hopp til innhald

Kimono

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Geishaer opptrer i kimono i Kyoto .

Kimono er namnet pa den japanske nasjonaldrakta . Nemninga viser i dag til ei ankelsid eller lengre kape med vide erme som hovudsakleg blir brukt av kvinner.

Skjematisk teikning av ein kimono med namn pa dei ulike delane.

Ein kimono er utforma med rette linjer som gjev han ei T -form i utstrekt tilstand. Nar ein ber han blir han festa tett til kroppen med eit breitt belte, obi , som vanlegvis blir festa pa ryggen. Til ein kimono har ein vanlegvis tradisjonelt fottøy, skor som z?ri eller geta og tasokkar, tabi .

Bruk [ endre | endre wikiteksten ]

Sumobrytarar i yukata .
Ryggen til ei kimonokledd ungjente med belteknute.

I det moderne Japan bruker ein helst kimono til høgtidelege høve, som giftarmal , teseremoniar og liknande. Nokre fa eldre kvinner og enda færre menn ber han til dagleg. Sumobrytarar , som er palagde a bera tradisjonelle klede offentleg, bruker ofte den enkle bomullskimonoen yukata . [1]

Mønster og utforminga av kimonoen fortel tradisjonelt noko om den sosiale statusen til beraren. Furisode , ein kimono med erme som nar golvet, er til dømes knytt til ugifte kvinner. [2]

Ordsoge [ endre | endre wikiteksten ]

Ordet kimono ( japansk 着物) tyder bokstaveleg 'noko a ha pa seg', fra ki , 'ha pa seg' og mono , 'ting', [3] men viser i dag til ein særskild tradisjonell japansk drakttype.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Lorna Sharnoff, Grand Sumo . Weatherhill, 1993. ISBN 0-8348-0283-X (Engelsk Wikipedia)
  2. Liza Dalby, Kimono: Fashioning Culture . University of Washington Press, 2001. ISBN 0-295-98155-5
  3. kimono from Merriam-Webster

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Kimono