한국   대만   중국   일본 
Kim Larsen ? Wikipedia Hopp til innhald

Kim Larsen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kim Larsen

Fødd 23. oktober 1945
Fødestad København
Død 30. september 2018 (72 ar)
Dødsstad Odense
Fødenamn Kim Melius Flyvholm Larsen
Opphav Kongeriket Danmark
Aktiv 1969–2018
Sjanger rock , pop , folkemusikk , vise
Instrument vokal
Verka som musikar , songar , skribent , skodespelar , stemmeskodespelar , latskrivar
Gift med Liselotte Kløvborg Larsen
Born Hjalmer Larsen , Sylvester , Lui Larsen

Kim Melius Flyvholm Larsen (fødd 23. oktober 1945 i København , daud 30. september 2018 ) [1] var ein dansk songar, songskrivar , gitarist , forfattar og skodespelar med lærarbakgrunn.

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Larsen var son Eva Flyvholm Olsen og læraren Alfred Larsen. Familien stamma fra Fyn , og Kim vart døypt i Valgmenighedskirken i Kerteminde, der morfaren hans var degn . Kim hadde og ein eldre bror, Tore. [2] Ekteskapet til foreldra varte til Kim var omtrent fem ar gammal. [3] Da forlet foreldra kvarandre. Mora tok med seg ungane og flytta inn i ei lita leilegheit i Magevej i København. Seinare byrja Kim pa Frederikssundsvejens Skole.

Som tolvaring byrja han a spela piano, og pa fjortenarsdagen fekk han sin første gitar. Forbileta hans pa den tida var artistar som Elvis Presley , Little Richard , Jerry Lee Lewis og Cliff Richard , i tillegg til The Beatles . [4]

Kim Larsen studerte ved Frederiksberg seminarium og arbeidde i ara 1968 og 69 som lærar ved Gerbrandskolen pa Amager ved København. [5] Etter kvart bestemte han seg for a verta musikar pa heiltid, og danna saman med Franz Beckerlee, Wili Jonsson og Bjørn Uglebjerg rockegruppa Gasolin'. Uglebjerg forlet gruppa og vart erstatta av Søren Berlev i 1971, før Gasolin' gav ut det første albumet sitt.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Den danske sangeren Kim Larsen (72)≫ . Dagbladet.no (pa norsk). 30. september 2018 . Henta 30. september 2018 .  
  2. Lund, Jakob D.; Rewers, Peter (2011). "Med Hjertet som kompas". Solisten: Historien om Kim Larsen . Gyldendal. ISBN 9788702112276
  3. "Stadig tid til en gammel hankat". Ritzaus Bureau . København: Ritzaus Bureau. 20. oktober 2015
  4. ≪Kim Larsen & Kjukken≫ . web.archive.org . 25. september 2009. Arkivert fra originalen 25. september 2009 . Henta 21. april 2022 .  
  5. Bundgaard 2011, s. 40

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]