Kertsj

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kertsj
Керч
by
Kertsj. Heidersobelisken pa Mithridatesfjellet
Flagg
vapen
Land   Ukraina
Region Krimhalvøya
Høgd 10  moh.
Koordinatar 45°20′19″N 36°28′5″E  /  45.33861°N 36.46806°E  / 45.33861; 36.46806
Areal 108  km²
Folketal 151 300   (2006)
Folketettleik 1 401 / km²
Tidssone EET ( UTC+2 )
 - Sommartid EEST ( UTC+3 )
Postnummer 98300 ? 98399
Retningsnummer +380 6561
Kart
Kertsj
45°20′19″N 36°28′05″E  /  45.338611111111°N 36.468055555556°E  / 45.338611111111; 36.468055555556
Wikimedia Commons: Kerch
Nettstad: www.kerchrada.gov.ua/

Kertsj ( ukrainsk Керч, russisk Керчь, krimtatarisk Keric , gammalaustslavisk : Кърчевъ, gammalgresk : Παντικ?παιον, Pantikapaion , tyrkisk Kerc ) er ein by pa Kertsjhalvøya aust pa Krimhalvøya , og er eit viktig senter for industri, transport og turisme i Ukraina . Kertsj vart grunnlagd for 2600 ar sidan og vert rekna som ein av dei eldste byane i Ukraina.

Byen er og ein viktig industriby, i omradet er det store jernforekomster. Andre viktige næringsvegar er skipsfart, fiskeri, skipsbygging og turisme. Fra byen gar det jarnbane over sundet til han russiske sidan. Byen har 28 skular, 9 institutt knytte til russiske og ukrainske universitet, polyteknisk høgskule, medisink utdanning og seks tekniske skular. Byen er administrasjonssenter for Kertsj kommune.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Kertsj

Utgravingar ved byen Majak ved Kertsj har vist busetjingar som stammar fra tida mellom 1600- og 1400-talet f.Kr. Pa 700-talet vart den greske byen Pantikapaion ( Panticapaeum ) grunnlagt ved Kertsj av jonarar fra Milet . Pantikapaion gav namn til den siste attiske kunststilen (370?320 f.Kr.). Pantikapaion vart seinare den viktigaste byen i Det bosporanske riket (som fatt namnet sitt av Kertjsundet, som den gongen vart kalla Kimmeriska bosporen ) og hadde stor tyding som hamneby og handelsby.

Kertj kom seinare under Romarriket , Austromarriket , Genova og Krim-khanatet . Krimkhanarane bygde fortet Jenikale ved byen. Ved freden i Kutsjuk-Kainardji i 1774 vart Kertsj overført til Tsar-Russland . Pa 1830-talet starta ein omfattande utgravingar av dei antikke kulturminna i Kertsj.

Byen vart svært øydelagt i 1855 under Krimkrigen , og igjen under andre verdskrigen .

I 1900 vart den store metallurgiske fabrikken grunnlagt og denne er enno i verksemd.

Under andre verdskrigen vart byen først erobra av tyskarane i november 1941 . 30. desember sette den raude armeen i gang ein motoffensiv i eit amfibieatak over Kertsjsundet, og gjenerobra byen, men 17. mai 1942 var Kertsj igjen pa tyske hender. Under offensiven i Ukraina vinteren og varen 1944 tok sovjetarane og Krim tilbake, denne gongen for godt. Kertsj vart gjenerobra 11. april .

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Kertsj har eit fuktig subtropisk klima ( Koppen si klimaklassifisering Cfa ) med kjølige til kalde vintrar og varme til heite somrar.

Verdata for Kertsj
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Ar
Høgast malte °C 15,6 17,5 23,4 26,8 30,6 34,9 37,4 37,2 33,2 30,9 22,7 19,4 37,4
Gjennomsnittleg maks °C 3,5 3,8 7,8 14,3 20,2 25 28,1 27,8 22,6 16,3 9,8 4,3 15,4
Døgnmiddeltemperatur °C 0,6 0,4 3,8 9,8 15,4 20,3 23,4 23,1 17,9 12,2 6,2 2,4 11,3
Gjennomsnittleg min °C ?2,1 ?2,6 0,5 5,8 10,8 15,5 18,6 18,4 13,3 8,3 3,2 ?0,3 7,5
Lagast malte °C ?23,7 ?23,1 ?15,6 ?6,5 ?0,6 3,4 9,9 7,5 1 ?5,4 ?11,8 ?17,6 ?23,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 33 32 33 31 30 55 35 50 37 29 44 43 452
Gns. dagar med regn 10 9 10 11 9 10 6 6 8 9 11 11 110
Gns. solskinstimar i manaden 71,3 87,6 145,7 189 272,8 306 334,8 306,9 252 182,9 90 55,8 2 294,8
Kjelde: Pogoda.ru.net [1] HKO (sun only 1961-1990). [2]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Pogoda.ru.net≫ (pa russisk). May 2011 . Henta 21 April 2012 .  
  2. Climatological Information for Kerc', Russland Arkivert 2014-03-07 ved Wayback Machine ., accessed 21 April 2012.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]