한국   대만   중국   일본 
Kebnekaise ? Wikipedia Hopp til innhald

Kebnekaise

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kebnekaise
fjell
Kebnekaise, sett fra Tuolpagorni
Land   Sverige
Region SE
Fjellkjede Dei skandinaviske fjella
Høgd 2 106  moh.
Primærfaktor 1 750  m
Koordinatar 67°53′00″N 18°33′00″E  /  67.88333°N 18.55000°E  / 67.88333; 18.55000
Lettast tilkomst til fots over fjell og is
Førstestiging 1883 av Charles Rabot
Kart
Kebnekaise
67°53′00″N 18°33′00″E  /  67.883333333333°N 18.55°E  / 67.883333333333; 18.55
Wikimedia Commons: Kebnekaise

Kebnekaise , nordsamisk Giebmegaisi eller Giebnegaisi , er det høgaste fjellet i Sverige og ein del av Dei skandinaviske fjella .

Ei fjellrekke i Kiruna kommune har dei to høgaste fjelltoppane i Sverige, Nord- og Sørtoppen. Sørtoppen er dekt av ein isbre , slik at høgda vert endra etter kor mykje breen smeltar. Dei siste tiara har breen vorte mindre. Sommaren 2004 var han 2103 moh. Det høgste punktet i Sverige pa fast fjell er nordtoppen at Kebnekaise pa 2097 moh. [1]

Namngjeving [ endre | endre wikiteksten ]

Det svenske namnet Kebnekaise er avleia av Giebmegajsse ( lulesamisk ) eller Giebmegaisi ( nordsamisk ), som tyder ≪ grytefjellet ≫. Dette er eit underleg namn, ettersom fjellet slett ikkje liknar ei gryte. Det gjer derimot fjellet Duolbagorni (Tolpagorni) i nærleiken. Namngjevinga kan ganske enkelt ha skuldast ein feil da ein laga det første generalstabskartet over omradet i 1889. Samar som bur i omradet hevder at det rette namnet eigentleg er Basievaare , ≪det heilage fjellet≫.

Klatring [ endre | endre wikiteksten ]

Den fyrste som klatra opp pa Kebnekaise var den franske geografen Charles Rabot ( 1856 - 1944 ). Han klatra opp i samband med ein ekspedisjon og nadde toppen den 22. august 1883 .

Nær fjellet ligg Kebnekaise fjallstation , der det vert organisert toppturar med fjellførar. Sørtoppen kan klatrast av normalt fjellvande folk om dei nyttar den vestre ruta fra fjellstasjonen. Ein noko lengre veg gar fra Kungsleden via Singivagge . Den austlege ruta vert nytta av fjellførarane og har enklare klatremoment. Nordtoppen krev spesialkunnskap og -utstyr for ei trygg oppstiging.

Hendingar [ endre | endre wikiteksten ]

I mars 2012 styrta eit norsk militærfly i vestveggen av fjellet. Alle fem ombord omkom.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Kai Jæger Kristoffersen; Oliver Rønning (7. august 2018). ≪Sverige har fatt nytt høyeste punkt etter rekordvarme≫ . NRK.no .