한국   대만   중국   일본 
Karlheinz Stockhausen ? Wikipedia Hopp til innhald

Karlheinz Stockhausen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Karlheinz Stockhausen

Fødd 22. august 1928
Fødestad Modrath , Burg Modrath , Kerpen
Død 5. desember 2007 (79 ar)
Dødsstad Kurten
Opphav Tyskland
Aktiv 1951–2007
Sjanger opera , elektronisk musikk , eksperimentell musikk , serialisme , Aleatorisk musikk , Neue Musik , kammermusikk , konkret musikk
Instrument piano , fiolin
Plateselskap Deutsche Grammophon
Verka som komponist , musikkforskar , musikkpedagog , musikkteoretikar , universitetslærar , musikar
Mor Gertrud Stockhausen
Far Simon Stockhausen
Gift med Doris Stockhausen , Mary Bauermeister
Born Suja Stockhausen , Christel Stockhausen , Markus Stockhausen , Majella Stockhausen , Julika Stockhausen , Simon Stockhausen
Prisar Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland , Verdienstorden des Landes Nordrhein-Westfalen , Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg , Ernst von Siemens’ musikkpris , kommandør av Ordre des Arts et des Lettres

Karlheinz Stockhausen ( 22. august 1928 5. desember 2007 ) var ein tysk komponist. Han blir rekna som ein av dei viktigaste komponistane i etterkrigstida pa 1900-talet. [1] Han er særleg kjend som ein pioner innan elektronisk musikk , eller elektronische Musik , og gav ut over 300 verk. Han var og aktiv som dirigent. I 1986 fekk han Ernst von Siemens' musikkpris .

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Stockhausen studerte musikkteori , musikkpedagogikk og klaver ved Musikhochschule Koln fra 1947 til 1951, og dessutan musikkvitskap, germanistikk og filosofi ved Universitat zu Koln . Fra 1950 verka han som komponist. Han blei sterkt paverka av eit verk av Olivier Messiaen , Mode de valeurs et d’intensites , som han fekk høyra i 1951. Han fekk ei innføring i dei serielle prinsippa som lag bak komposisjonen av Karel Goeyvaerts , som hadde studert under Messiaen. Aret etter drog Stockhausen til Paris for a studera under Messiaen og Darius Milhaud . Her blei han kjend med Pierre Boulez , som ogsa studerte under Messiaen. [1]

Virke [ endre | endre wikiteksten ]

Eit av dei viktigaste verka innanfor electronische Musik er Stockhausen sin komposisjon Studie I (1954). Her har Stockhausen laga klokke- eller bjølleliknande lydar ved a la kvar lyd besta av fem sinustonar. Han har rekna ut frekvenstilhøvet mellom kvar sinustone ved a la avstanden vera konstant, n * 25√5 Hz. Deretter blei lydsløyfene med desse sinustonane spelte i eit klangkammer med ei etterklangstid pa ca. 10 sek. Sjølve lydsløyfa blei sa klipt bort, slik at berre etterklangen blei brukt, i original eller reversert versjon. [2]

Gesang der Junglinge (1955?56) er eit av dei sentrale verka til Stockhausen, og inneheld overgangar mellom elektronisk lyd (elektronisk genererte sinustonar) og stemmelyd (ein gutesopran). Denne blandinga av elektroniske signal og akustiske opptak inneber ei blanding av dei to stilartene elektronische musik og musique concrete . Serialismen er markant i dette stykket og det er serielt strukturert i dei fleste parametrar, som til dømes i tonehøgd og varigheit. [3] Stockhausen var tidleg ute med spatialisering da han urframførte stykket i fem kanalar (men kanoniserte det i fire). [4] Dei elektroniske stykka hans (ogsa versjon med instrumentsspelarar) Kontakte er ambient kvadrafonisk lyd, der lydane rører seg omkring i lydpanoramaet og endrar klangfargane sine.

Bade innan elektronische Musik og musique concrete er den metriske takta fra tradisjonell musikk heilt fraverande. [5] Stockhausen paverka bade samtidsmusikk i den klassiske tradisjonen, og populærmusikken i samtida si. [1]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 Smørgrav, Ivar (20. september 2019). ≪Karlheinz Stockhausen≫ . Store norske leksikon (pa norsk bokmal).  
  2. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:7-9
  3. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:12
  4. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:10
  5. Bergsland, A. (2009). Leksjon 6 i Musikkteknologi i et historisk lys, NTNU: Elektronisk musikk.pdf s:16

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Karlheinz Stockhausen