Kanin

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kanin
Kanin
Kanin
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt truga
Status i Noreg: Framandart med høg risiko Utbreiinga av Kanin
Utbreiinga av Kanin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Haredyr Lagomorpha
Familie: Harefamilien Leporidae
Slekt: Oryctolagus
Art: Kanin O. cuniculus
Vitskapleg namn
Oryctolagus cuniculus

Kanin ( Oryctolagus cuniculus ) er ein art i harefamilien som stammar fra den iberiske halvøya . [1] I dag finn ein introduserte eller tamme europeiske kaninar over store delar av verda. Dei blir haldne for kjøt , pels og ull og som kjæledyr .

Arten er den einaste i slekta Oryctolagus . Han blir delt inn i to underartar og cirka 100 ulike kaninrasar og variantar . [2] Ein skil gjerne mellom villkanin og tamkanin , men mange innførte ville kaninar stammar fra tamdyr. I det opphavlege utbreiingsomradet sitt er villkaninen rekna som sarbar eller truga.

Som haren er kaninen kjend for a ha lange øyre og kraftige bakbein. Han skil seg fra haren mellom anna ved at han føder nakne, hjelpelause ungar og ved det naturlege levesettet med a leva i store grupper i holer gravne i jorda.

Skildring [ endre | endre wikiteksten ]

Kaninen har ein karakteristisk krum kropp med korte framlemmer og lange, kraftfulle bakbein som gir dyret ei hoppande gangart. Hovudet er lite og halsen kort. Arten er utrusta med lange, staande og særs bevegelege øyre. Den relativt korte snuten er utrusta med lange verhar ytst. Han har godt syn, god høyrsle og særs god luktesans. Hannen veg typisk litt meir enn hoa. Skallen er dessutan litt breiare hja hannen.

Ville kaninar er vanlegvis grabrune eller av og til og svarte (pa grunn av melanisme ), medan dei mange ulike kaninrasane kan ha stor variasjon i bade fargar og fargekombinasjonar. Kaninar veg typisk omkring 1,3-2,5 kg og har ei kroppslengd pa cirka 34-45 cm, sjølv om enkelte individ kan bli bade mindre og større. Halen er kort og typisk kvit pa undersida. Lengda er typisk 4,5-7 cm. [3]

Villkaninen liker a grava og lever gjerne store delar av livet i utgravne holer og tunnelar under bakkenivaet.

Leveomrade [ endre | endre wikiteksten ]

Sjølv om kaninar har klart seg godt i mange omrade dei er blitt introduserte til, har populasjonen gatt ned pa den iberiske halvøya. I 2005 blei arten klassifisert som ≪nær truga≫ av det portugisiske Instituttet for naturvern, [4] og i 2006 blei han klassifisert som ≪sarbar≫ av spanske styresmakter (SECEM). [5] I 2018 klassifiserte International Union for Conservation of Nature (IUCN) Oryctolagus cuniculus i Spania, Portugal og Frankrike som ≪ sterkt truga ≫ pa grunn av den nylege skarpe nedgangen. Pa verdsbasis er arten derimot litt betre stilt, som ≪ nær truga ≫. [6]

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪ADW: Oryctolagus cuniculus: INFORMATION≫ . Animal Diversity Web .  
  2. Nowak, R. 1999. Walker's Mammals of the World , Sixth Edition. Baltimore and London: The Johns Hopkins University Press.
  3. Burton, J. A. 1991. Field guide to the mammals of Britain and Europe . Kingfisher Books, London.
  4. Livro Vermelho dos Vertebrados de Portugal . Instituto da Conservacao da Natureza (ICNF). 12. desember 2005. ISBN   978-972-775-153-2 . Arkivert fra originalen 23. august 2021 . Henta 29 March 2018 .  
  5. ≪SECEM 2006 red list≫ (PDF) . secem.es . Arkivert fra originalen (PDF) 6. oktober 2007.  
  6. Villafuerte, R.; Delibes-Mateos, M. (2019). Oryctolagus cuniculus (errata version published in 2020)≫ . IUCN Red List of Threatened Species 2019 : e.T41291A170619657.  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Kanin
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .