한국   대만   중국   일본 
Jupitermanen Amalthea ? Wikipedia Hopp til innhald

Jupitermanen Amalthea

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Amalthea
Galileo -bilete av Almathea
Oppdaging [1]
Oppdaga av Edward Emerson Barnard
Oppdagingsdato 9. september 1892
Baneskildring [2]
181 400 km
Eksentrisitet 0,0032
0,498 dagar
Banehelling 0,38°
Satellitt av Jupiter
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 131 × 73 × 67 km [2]
Snittdiameter
166,9 km [2]
87 510,98 km² [2]
Masse 2,0682 × 10 18  kg [2]
0,849 g/cm³ [2]
0,020 m/s² [2]
207 km/t [2]
bunden [2]
Albedo 0,09 ( synleg geometrisk ) [3]

Amalthea er ein av manane til planeten Jupiter . Han blei oppdaga 9. september 1892 av Edward Emerson Barnard , som den siste manen som blei oppdaga ved direkte observasjon ? alle jupitermanar som er oppdaga sidan, har blitt fotografert før det fyrste menneskelege auget sa dei. I mange ar hadde Amalthea ikkje noko offisielt namn, berre Jupiter V ; den femte manen til Jupiter, etter det nummereringssystemet som Galileo Galilei innførte da han oppdaga dei fire galileiske manane . Fyrst i 1975 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen a oppkalle han etter nymfa Amalthea fra den greske mytologien , sjølv om namnet blei foreslatt av Camille Flammarion og bruka uoffisielt i fleire tiar før det offisielle vedtaket.

Amalthea er den største av fire manar som krinsar i tronge banar tett kring Jupiter, og under eitt vert dei omtala som amaltheagruppa . Manen er ein irregulær, kraftig raud blokk av is eller frosne gassartar; enda meir raud enn planeten Mars . Avhengig av kvar ein maler han, har Amalthea ei utstrekking pa mellom 150 og 270 kilometer , og overalt pa denne lille kloden kan ein sja talrike krater som er temmeleg store i forhold til den lille manen: Det største vert kalla Pan , og er 100 kilometer i diameter og 8 kilometer djupt, mens eit anna, kalla Gæa , er 80 kilometer i diameter og kanskje dobbelt sa djupt som Pan. Langs kraterkantar og andre ujamnheiter er nokre svært grøne parti synlege pa overflata, men ein veit ikkje noko om kva dei er.

Den uregelmessige fasongen fekk astronomane til a gjette pa at Amalthea er ein temmeleg solid klippeblokk; viss han bestod av is eller tilsvarande svake material, ville tyngdekrafta hans ha dratt han saman til noko nærmare kuleform.

Mot slutten av ferda til romsonden Galileo sendte ein sonden tett forbi Amalthea for a sja kor mykje tyngdekrafta til manen ville avbøye banen til sonden, og slik bestemme massen hans. Samanlikna med manens volum fekk ein ein overraskande lag tettleik , omtrent det same som vassis : Anten er Amalthea ein solid klump is, eller sa er han ein svært laus ≪grushaug≫ med ein masse tomme mellomrom mellom ≪gruspartiklane≫. Nye observasjonar gjort med Subaru-teleskopet tyder pa at Amalthea faktisk bestar av is. I sa fall er han ikkje skapt i den omløpsbanen han har na, for i ei fjern fortid har Jupiter vore temmeleg varm, og ville ha smelta ein sann ismane. Derfor gjettar ein pa at det er tale om ein innfanga smaplanet .

Som alle dei andre medlemene av amaltheagruppa har Amalthea bunden rotasjon , dvs. han dreiar om seg sjølv nøyaktig like raskt som han krinsar om Jupiter, med det resultatet at den ene av dei ≪lange endane≫ til manen alltid peikar mot Jupiter. Pa same mate som jupitermanen Io sender Amalthea meir varme ut enn han mottar fra sola, og ein reknar med at dette skriv seg fra den elektriske straumen som vert skapa nar Amalthea beveger seg gjennom magnetfeltet til Jupiter.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]