한국   대만   중국   일본 
Jungfrau ? Wikipedia Hopp til innhald

Jungfrau

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jungfrau
fjell
Jungfrau sett fra Murren
Land   Sveits
Del av Jungfrau-Aletsch protected area
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 158  moh.
Primærfaktor 704  m ↓  skardet mot Finsteraarhorn
Koordinatar 46°32′12.5″N 7°57′45.5″E  /  46.536806°N 7.962639°E  / 46.536806; 7.962639
Lettast tilkomst snø- og isklatring
Førstestiging J. Meyer
 - dato 3. august 1811
Kart
Jungfrau
46°32′13″N 7°57′45″E  /  46.536944444444°N 7.9625°E  / 46.536944444444; 7.9625
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Jungfrau

Jungfrau (tysk for ≪jomfru≫) (4158 moh) er ein av dei høgaste fjelltoppane i Bern-Alpane . Fjellet ligg pa grensa mellom kantonane Valais og Bern i Sveits . Saman med Eiger og Monch dannar Jungfrau ein massiv vegg godt synleg i Berner Oberland , og er rekna for a framvise eit av dei mest imponerande syn i dei sveitsiske Alpane. Jungfrau er tredje høgste fjellet i Bern-Alpane, etter dei nærliggjande Finsteraarhorn og Aletschhorn , høvesvis 12 og 8 km unna.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Jungfrau er det vestlegaste og høgste punktet i ein gigantisk 10 km lang fjellvegg, som kneisar dominerande over dalane Lauterbrunnen og Grindelwald . Fjellveggen vert danna gjennom oppstillinga av dei mest utprega nordveggane i Alpane, med Monch (4107 m) og Eiger (3970 m) langs sida av Jungfrau, fjellveggar som reiser seg opptil 3000 m fra dalane under. Jungfrau er om lag 6 km unna Eiger; toppen av Monch ligg omtrent midt i mellom, ei 3,5 km fra Jungfrau. Fjellveggen held fram vidare mot aust til Gross Fiescherhorn , og mot vest i Lauterbrunnen-veggen.

Høgdeskilnaden mellom fjelltoppen og den djupe dalen Lauterbrunnen (800 m), er særleg synleg fra omradet kring fjellandsbyen Murren. Fra dalbotnen stig terrenget med over 3000 m, pa ei horisontal strekning pa 4 km.

Landskapet kring Jungfrau er rikt pa kontrastar. I nordvest er dei stupbratte avgrunnane, søraustsida er snødekt til kring 3 500 moh av Aletschgletscher . Den 20 km lange Aletsch-dalen i søraust er ubebudd og er kringsett av andre, liknande bredalar. Dette omradet er det største, bredekte i heile Alpane.

Nordveggen pa Jungfrau

Klatresoge [ endre | endre wikiteksten ]

Toppen av Jungfrau vart nadd fyrste gong 3. august 1811 av brørne Rudolf og Hieronymus Meyer fra Aarau (søner av topografen J.R. Meyer). Dei hadde fylgje med to gemsejegerar fra Valais , truleg A. Volker og J. Bortis. Fyrst gjekk dei opp til Aletschfirn (vestleg arm av Aletschgletscher ), nord for Aletschhorn. Dei slo leir der, og kunne etter tre dagars tur sta pa toppen. Bestiginga deira vart trekt i tvil, sa dei bestemte seg i september aret etter for a gjenta bestiginga. Dei gjekk da same ruta. For a vise dei hadde nadd til topps, bar dei med seg eit flagg.

Fyrste direkteruta fra dalen Lauterbrunnen vart klatra i 1865 av George Young, H. Brooke George og fjellføraren Christian Almer . Dei bar med seg stigar som dei nytta til a krysse dei mange bresprekkene pa nordsida av fjellet.

Fyrste vinterbestiginga fann stad 22. januar 1872 . Meta Brevoort og W.A.B. Coolidge nytta da ein slede opp Ober Aletschgletscher. Brevoorts yndlingshund, Tschingel , var med dei pa turen til toppen.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jungfrau