한국   대만   중국   일본 
Junin-regionen ? Wikipedia Hopp til innhald

Junin-regionen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Junin
Hunin
region
Flagg
Symbol
Land   Peru
Hovudstad Huancayo
Areal 44 328,8  km²
Folketal 1 246 038 (2017) [1]
Kart
Junin-regionen
11°29′S 74°59′W  /  11.48°S 74.98°W  / -11.48; -74.98
Wikimedia Commons: Junin Region

Junin-regionen ( spansk Region Junin , quechua Hunin suyu ) er ein region i det sentrale Andes i Peru . Han har grenser mot Pasco-regionen i nord, mot Ucayali og Cuzco i aust, mot Ayacucho og Huancavelica i sør og mot Lima-regionen i vest.

Junin-regionen er pa 44 329 km² og hadde 1 246 038 innbyggjarar i 2017. Regionhovudstaden er Huancayo .

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Regionen har eit mykje ueinsarta landskap med ei fjellkjede og høge plata i vest og lagtliggande tropisk regnskog , delar av det under 500 moh. lengst nord og aust. Meir enn halve arealet av regionen er rekna som tropisk. Som Huanuco og Pasco ligg Junin aust for vatnskiljet. Det største elvesystemet i regionen endar i nordaust som elva Tambo kor ho sluttar seg saman med Urubambaelva fra Cuzco-regionen til Ucayalifloden pa grensa til Ucayali. Ucayalifloden er ein del av Amazonasbassenget . Høgste fjella er snødekte : Tunsho (5730 moh. ), Antachape (5700 moh.), Sullcon (5650 moh.) og Huaytapallana (5557 moh.). Vegen mellom provinshovudstaden Tarma i Tarmaprovinsen og hovudstaden Lima gar gjennom passet Abra de Anticona pa 4818 moh. som ligg pa regiongrensa berre ca 120 km aust for Lima.

Junin (ca 30 km lang og 14 km brei, 4 082 moh.) ligg i det nordvestlege hjørnet av regionen mot Pasco. Innsjøen er den største som er omkrinsa av peruansk land, men har langt mindre flatemal enn Titicaca som ligg mest pa boliviansk territorium.

Junin-regionen har ein gjennomsnittleg temperatur pa 13 °C over aret med ein gjennomsnittleg maksimum pa 17 °C og minimum pa 0 °C. Regntida er fra november til april, i tropiske strøk fra desember til mars.

Økonomi [ endre | endre wikiteksten ]

Jordbruk er ei viktig næring og i Mantarodalen dyrkar ein poteter , mais og bondebønner ( Vicia faba ). Her er og storfedrift og ullproduksjon . I Chanchamayodalen finst skogplantasjar , kaffiplantasjar og her er fruktproduksjon . Mantaroelva gjev vatn til to vasskraftverk .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Regionen har hatt folkesetnad fra amazonasindianarar og andre folkeslag som tarumas og huancas. Det er usemje om kva grad inkariket fekk kontroll over alle folkegrupper i regnskogen, til dømes er det fa teikn pa at yaneshafolket (i dag berre i Pasco-regionen) var paverka av inkaene. Inkavegen gjekk gjennom regionen og Huancayo var ein viktig stad langs vegen mellom Cuzco og nordlege del av riket.

I kolonitida var her ulltekstilproduksjon i sakalla obrajes , og veving og strikking er framleis tradisjon i regionen. Byen Huancayo erklærte sjølvstende i november 1820. Junin-regionen vart tufta av Simon Bolivar i 1825.

Politisk inndeling [ endre | endre wikiteksten ]

Regionen er delt inn i 9 provinsar som igjen er delt inn i til saman 123 distrikt. Liste av namn pa provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Junin-regionen