한국   대만   중국   일본 
Jordomreise ? Wikipedia Hopp til innhald

Jordomreise

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Jordomsegling )


Jordomreise , jorda rundt-reiser eller jorda rundt-ekspedisjonar er reiser som gar rundt heile jordkloden.

Historikk [ endre | endre wikiteksten ]

Dei store geografiske oppdagingane pa 1500-talet med Magellan og Francis Drake sine sjøreiser var byrjinga for jordomreiser. Utgjevinga av Jules Verne sin roman Jorda rundt pa 80 dagar og En verdensomseiling under havet pa 1870-talet bidrog til a setja fantasien i sving og draumen om ei jorda-rundt-reise vart sterkare hos mange menneskje. Til da hadde jorda-rundt-turar berre vore for eventyrere og oppdagarar.

Etter at flyselskap og reisebyra pa 1990-talet kunne tilby jorda-rundt-turar med rutefly for ein pris ned mot ca. 12 000 kroner er det mange som har kunna gjennomføra draumen, men slike reiser vert av ein heilt annan karakter enn reisa som er nemnt nedanfor. Den store auken av private fly-eigarar fra 1970-talet førte og til at fleire einskildpersonar kunne gjera slike reiser med eigne fly. Det internasjonale luftsportsforbundet FAI (Federation aeronautique internationale) registrerer slike flygingar. For a kvalifisera til denne lista ma det flygast over to antipodar. Det er og krav at den loggførte distansen skal vera minst 36 78 559 kilometer , ein distanse som tilsvarar omtrent omkretsen av ein vendekrets .

Nokre jordomreiser [ endre | endre wikiteksten ]

Rekonstruksjon av Ferdinand Magellans ≪Victoria≫.

Sjøreiser [ endre | endre wikiteksten ]

Fram til det 20. arhundre kjenner historia lite til andre jordomseilinger.

  • Fra 1895 til 1898 segla den amerikanske sjøkapteinen Joshua Slocum aleine i kutteren til fra Boston til han tre ar seinare kom attende til Rhode Island .
    Typisk rute for jordomseiling i dag, via Panamakanalen og Suezkanalen .
  • I 1933 segla tre nordmenn Bryhn, Schyberg og Østmoen jorda rundt med ei tidlegare redningsskøyte som vart døypt ≪Ho-Ho≫.
  • Sidan 1973 er Whitbread Round the World Race vorte arrangert. Fra 2001 overtok Volvo ansvaret og seglasane vert no kalla Volvo Ocean Race.
  • Fra 1968 til 1969: Robin Knox-Johnston vann Sunday Times' Golden Globe Race for raskaste jorda rundt tur aleine, fra 14. juni 1968 til 22. april 1969
  • Fra 1984 til 1986 segla Ragnar Thorseth jorda rundt med vikingknarren ≪Saga Siglar≫.
  • I 1987 la forfattaren og globetrotteren Ragnar Kvam jr. ut pa ein jordomseiling med ein 37 fot sin seilbat. Med fleire avbrekk var Kvam tilbake i Noreg i 2001.
  • Fra 1987 til 1988: Australske Kay Cottee vart første kvinne til a segla solo jorda rundt nonstop. Ho brukte 189 dagar med sluppen ≪First Lady≫.
  • I mai 2010 fullførte ei australsk 16 ar gammal jente, Jessica Watson, ei ferd jorda rundt i seglbaten ≪Pink Lady≫ . Ho er til no den yngste som har gjennomført ein slik ferd aleine. Ho tilbakela 40 000 km pa 210 dagar.
  • Fra 2011 til 2015: Som den første i noregshistoria gjennomførte Stig Are Ørsnes ein solo-seglas jorda rundt via Kapp Horn og Kapp det gode hap Denne seglasen gjorde han i den sjølvbygde 35 fot Colin Archer-skøyta ≪Snorre Viking≫.

Luftskip ? fly ? romfart [ endre | endre wikiteksten ]

Amerikansk luftpostmerke fra 1930 med motiv av ≪Graf Zeppelin≫.
  • I 1929, fra 8. august til 29. august gjennomførte luftskipet ≪Graf Zeppelin≫ ein jordomflyvning med start og mal i Lakehurst , New York . ≪Graf Zeppelin≫ flaug attende over Atlanterhavet til hjemmebasen Friedrichshafen for drivstoff og heldt fram over det øyde Sibir til Tokyo . Over Sibir vart det konstatert at Severnaja Zemlja ikkje var ein, som tidlegare anteke, men to øyar. ≪Graf Zeppelin≫ heldt vidare fram over Stillehavet til Los Angeles . Dette var den fyrste non-stop flyging over Stillehavet og luftskipet held fram over det amerikanske kontinent og var tilbake i Lakehurst 29. august . Heile reisa tok 21 dagar, 5 timar og 31 minutt. Luftskipet gjennomførte ein distanse pa 49 618 km (inkludert flgninga fra og til Friedrichshafen) og var tilbake i Friedrichshafen 1. september.
  • I 1931 gjennomførte Wiley Post med Harold Gatty som navigatør ei flyging jorda rundt med 14 mellomlandingar. Han bruka 8 dagar, 15 timar og 51 minutt. Han flaug tilnærma langs den 60. breiddegraden, ca. 25 000 km . Post gjentok turen aleine i 1933, da var flyet utstyrt med mellom anna autopilot og radiopeilar. Han gjennomførte turen ein dag raskare: 7 dagar, 18 timar og 19 minutt.
  • I 1932 gjorde den tyske luftfartspioneren Wolfgang von Gronau ein flytur jorda rundt med ein Dornier Wal flybat i løpet av fire manader med 44 mellomlandingar.
  • I 1937 freista den amerikanske flygaren Amelia Earhart med Willey Noonan som navigatør a fly rundt jorda i ei rute tilnærma langs ekvator, ca. 40 000 kilometer. Forsøket mislukkast og flyet styrta i Stillehavet.
  • I 1938 gjennomførte den kjende industrimannen, filmskodespelaren og flygaren Howard Hughes ei jorda-rundt-flyging med ein Lockheed Electra. Han følgde ei rute som i det store og heile følgde den som Wiley Post nytta fem ar tidlegare, i 1933. Men han sette ny rekord og halverte Posts tid. Hughes brukte 3 dagar, 19 timar og 17 minutt. Den halverte reisetida kom først og fremst av to-motors-flyet til Hughes. Flyet hadde atte sete og kunne ta med ekstra besetning og var ikkje avhengig av stopp for kvilepausar undervegs. Han hadde opphavleg planlagt a nytta prototypen til Douglas DC-1 som han hadde skaffa.
  • I 1947 gjennomførte ein amerikansk B-29 ≪Lucky Lady≫ ei flyging rundt jorda i løpet av 94 timar og 1 minutt utan mellomlanding, men med tanking i lufta tre gonger undervegs.
  • I 1947 introduserte flyselskapet Pan Am sin legendariske, ≪ Pan Am Flight PA 001 ≫ som starta i San Francisco og sa hoppa kloden rundt. Selskapet heldt denne ruta gaande i nesten 40 ar. Med propellfly tok turen 13 dagar med natt-stopp. Samla flytid 103 flytimer. Ved introduksjon av jet i 1958 vart flytiden halvert.
  • 1961 . Den russiske kosmonauten Jurij Gagarin i det sovjetiske romfartøyet Vostok 1 reiste ein gong rundt jorda i løpet av 108 minutt.
  • I 1971 gjennomførte den amerikanske yrkespiloten og forfattaren av luftfartslitteratur, Elgen M. Long, ei jorda rundt-flyging pa tvers av breiddegradane og passerte over bade Nordpolen og Sørpolen . Turen tok 215 timar og loggført distanse var 62 596 kilometer. Han flaug eit Piper PA-31 Navajo smafly.
  • I 1986 flaug Richard Rutan og Jeana Yeagar (USA) rundt jorda utan tanking med ≪Voyager≫.
  • I 1999 vart Bertrand Piccard og Brian Jones dei første til a fly jorda rundt i ein varmluftballong .
  • I 2002 tok Steve Fossett av med ein ballong i Northam i Vest-Australia , og flaug verda rundt aleine. Han landa igjen i Australia 19. juni til 2. juli.
  • I 2005, fra 28. februar til 3. mars, gjennomførte det amerikanske eksperimentflyet Virgin Atlantic Global Flyer ei jorda rundt-flyging med Steve Fossett som pilot aleine utan stopp og utan a fylla drivstoff. Turen tok 67 timar. Bygginga av flyet vart støtta økonomisk av den britiske forretningsmannen Richard Branson sitt flyselskap Virgin Atlantic .

Til lands og til vatn [ endre | endre wikiteksten ]

  • I 1889 reiste den kvinnelege journalisten Nellie Bly jorda rundt, omtrent som i boka til Jules Verne.
  • 1951: Einaste kjende ferd jorda rundt med amfibiekjøretøy vart gjennomført av australiaren Bein Carlin i amfibiejeepen ≪Half Safe≫. Ferda var pa 62 000 km pa landjorda og 15 450 pa sjø og elver.
Første generasjon Citroen 2 CV.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Drive around the World

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]