한국   대만   중국   일본 
Johannes Haarklou ? Wikipedia Hopp til innhald

Johannes Haarklou

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Johannes Haarklou

Fødd 13. mai 1847
Fødestad Førde
Død 26. november 1925 (78 ar)
Dødsstad Oslo
Opphav Noreg
Aktiv 1878–1925
Sjanger opera
Instrument orgel
Verka som komponist , dirigent , journalist , musikkritikar , organist
Gift med Inga Marie Knoph
Born Andreas Haarklou
Prisar Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Johannes Haarklou ( 13. mai   1847 26. november   1925 ) var ein norsk komponist , organist og dirigent .

Liv [ endre | endre wikiteksten ]

Johannes Haarklou vart fødd den 13. mai 1847 i Førde .

Johannes er han lengst til høgre. Dei andre er (fra venstre): Edvard Grieg , Lauritz Grimstad og H. Ingelius; dei er i Leipzig i 1876.

I 1868 vart han lærar i Eiker og fekk lære orgelspel og harmonilære i Drammen . I 1872 studerte han i Christiania med Ludvig Mathias Lindemann . Fra 1873 til 1875 studerte han ved konservatoriet i Leipzig , m.a. med Carl Reinecke , og deretter ved musikkhøgskulen i Berlin . Fra 1880 var han organist og dirigent i Christiania (Oslo). Han hadde ry som virtuos og for sine improvisasjonar pa orgelet.

Haarklou er mest kjend for oratoriet Skabelsen og Mennesket til ein tekst av Henrik Wergeland ; dette verket vart uroppført i 1891. Han skreiv og fem operaer , fire symfoniar , eit symfonisk dikt ( Westminster Abbey ), to orgelsymfoniar , sonatar , songar , korverk og pianostykke . Ein del av verket hans er ikkje vorte utgjeve. Fra 1882 til 1921 var han og musikkritikar ved ymse aviser, m.a. i Dagbladet .

I 1911 vart Haarklou utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden .

Privatliv [ endre | endre wikiteksten ]

Haarklou var gift med Inga Marie Knoph (fødd 1865), og han er far til komponist og organist Andreas Haarklou . Han var god ven med folk som Anders Hovden , Per Sivle og Knut Hamsun . Ein periode budde Hamsun heime hos familien Haarklou. [1] Fra ungdommen var han og kamerat av Olav Lofthus , mangearig redaktør i Bergens Tidende . [2] Finn Benestad omtalar Haarklou som ≪en forgrunnsskikkelse i norsk musikkliv fra 1880 til 1925≫ og ≪utvilsomt en av de mest allsidige komponister som Norge noen gang har hatt≫. [2]

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Vokalverk [ endre | endre wikiteksten ]

Oratorium [ endre | endre wikiteksten ]

  • Skabelsen og Mennesket

Operaer [ endre | endre wikiteksten ]

Andre vokalverk [ endre | endre wikiteksten ]

Instrumentalverk [ endre | endre wikiteksten ]

Symfoniske verk [ endre | endre wikiteksten ]

  • Westminster Abbey (symfonisk dikt)

Orgelverk [ endre | endre wikiteksten ]

  • Fantasi triomphale, opus 36 (verk 61), 1900
  • Tre stykker for orgel, opus 54 (verk 112)
    • nr 1 Preludium og koral "Nun danket alle Gott"
    • nr 2 Preludium og fuge
    • nr 3 Preludium og fuge over G.A.D.E.
  • Orgelsymfoni nr. 1 i d-moll, opus 53 (verk 106), 1916;
  • Orgelsymfoni nr. 2 i d-moll, opus 60 (verk 116), 1924
  • Preludium og Fuge over B.A.C.H., verk 121, ca. 1925

Sonatar [ endre | endre wikiteksten ]

Pianostykke [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar
  1. Sætre, Arild. Norges gløymde komponist. Klassekampen , 4. juli 2013, s14.
  2. 2,0 2,1 Finn Benestad (1961). Johannes Haarklou: mannen og verket . Universitetsforlaget.  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]