한국   대만   중국   일본 
Johan Anker ? Wikipedia Hopp til innhald

Johan Anker

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Johan Anker


Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. juni 1871
Østfold fylke , Halden kommune
Død

2. oktober 1940 (69 ar)
Halden kommune , Oslo

Idrett segling
Tok del i

Sommar-OL 1908 , Sommar-OL 1912 , Sommar-OL 1928

Grava til Johan Anker og Nini Roll Anker pa Vestre gravlund i Oslo.

Johan August Anker (fødd  26. juni   1871  i Halden, død  2. oktober   1940 ) var ein norsk ingeniør, seglbatkonstruktør og seglar. Han var elev ved Christiania Tekniske skule , der Gustav Adolf Sindingvar ein av lærarane. Etterpa studerte han skipskonstruksjon ved den tekniske høgskulen i Berlin.

Johan Anker bygde den fyrste baten som 17-aring. Med han debuterte han i landsregattaen med ein 4. plass. I 1905 vart han batkonstruktør ved Jensens Batbyggeri i Vollen i Asker . Han kjøpte seg inn i verksemda som fra 1907 heitte Anker & Jensen A/S . Her vart mange av batane Anker konstruerte bygde. I 1915 gjekk Jensen ut av verksemda, og Anker styrte henne etter det aleine.

Det internasjonale gjennombrotet som siglar fekk han da han vann Kiel-veka i 1909 med ein 12-meter ( R ) han sjølv hadde bygd. Han vann OL-gull i Stockholm i 1912. I 1928 var kronprins Olav kvalifisert til OL i Amsterdam med ≪Nornen≫, som Anker hadde bygd. Han overlet roret til Johan Anker, som han rekna for Noregs beste rormann. ≪Nornen≫ vann olympisk gull. Anker vann og fleire prestisjetunge internasjonale regattaer.

Johan Anker var som siglar og konstruktør oppteken av dei internasjonale seglreglane . Han var aktivt med a utforme R-regelen som vart vedteken i London i 1906. Ved revidering av regelen i 1919 var det Anker sitt framlegg som lag til grunn. Desse reglane gjorde at konstruktøren hadde høve til a gjere batane betre berre han fylgde visse malreglar. I tillegg til batar i dei ulike seglklassene stod han og bak konstruksjon og bygging av skonnertar som vart rekna som vellukka. I 1928 konstruerte han draken . Det var ein rimelegare bat som skulle gjere seglsporten meir tilgjengeleg for alle. Den baten vart svært populær, særleg etter han vart OL-bat fra 1948.

Johan Anker bygde og redningsskøyta ≪Astrid Finne≫ .

I 1930 var han styreformann i Vinmonopolet . Han var og formann for styret i Store Norske Spitsbergen Kullkompani .

Johan Anker var gift med forfattaren Nini Roll Anker

I 1949 vart det reist eit monument over Johan Anker pa Garnholmen ved Hankø .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Elin Kragset Vold og Ole Engen: Johan Anker. Linjenes mester Larvik, 2003.
  • Jon Winge: Norske trebater Schibsted Forlag. 2007.