Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jean-Baptiste Greuze
(
21. august
1725
–
4. mars
1805
) var ein
fransk
kunstmalar, fra
Tournus
i departementet
Saone-et-Loire
.
Greuze studerte i
Lyon
og ved kunstakademiet i
Paris
. Han vart første gongen lagt merke til med sjangermaleriet
Familiefar som les
Bibelen
for borna sine
. Mot slutten av
1755
reiste Greuze til
Italia
, lengste tida oppheldt han seg i Napoli. Etter han kom tilbake til Frankrike i 1757 mala han italienske studiar, men heldt seg elles nært opp til
rokokko
-stilen.
Greuze var ein banebrytar for sjangermaleriet, med forteljande innhald og
moraliserande
formal. Paverka av
Denis Diderot
søkte han i kunsten a lovprise dygd og gode seder. Han mala den gamle familiefaren som velsignar sonen og festmøya hans (
L'accordee de village
), faren som forbannar sonen sin og sonekona (
La malediction paternelle
), og korleis desse begge angrande vender heim og finn faren liggjande død pa sitt leie (
Le fils puni
). Alt saman er skildra med teatralsk oppstilling, djup sentimentalitet og store fakter.
Det programmessige i motivvalet til moral-maleria har vore sett som oppstylta og tomt, deklamasjon utan kjerne. Mest omtykt vart Greuze for dei unge jentene han mala med sjangerarta oppfatning, til dømes
Den knuste krukka
,
Mjølkejenta
og
Enka
. Med store undrande auge, svulmande lepper, kokett positur, alltid barbarma og bararma, er desse unge damene tiltrekkande nok, men naiviteten deira verkar meir spelt enn fullt ut truverdig.
Greuze mala gode
portrett
; som av
Christoph Willibald Gluck
,
Saint-Just
og av
Napoleon
som førstekonsul.
Revolusjonen
fann dygdene som Greuze mala for upassande, sa da
det nye hundrearet
kom, hadde Greuze overlevd seg sjølv. Han hadde da gatt tilbake til klassiske emne som skulle passe til den nye, alvorsfulle tida. Til og med prøvde han seg pa motiv som
Arbeidar som setter hakka i handa til sonen
(1801), samstundes som han laga
Den egyptiske Maria angrar
. Sa seint som 1804 stilte han ut pa salongen.
Han døydde i Paris i 1805.